Etter å ha starta i det små med take away-sal av thaimat i Langevåg, har Soi One vekse til å bli tre restaurantar, og utvida menyen til å omfatte burgerar.
I fjor hadde dei ei samla omsetning på nær 28 millionar kroner (sjå tabellar under)
Selskapet i Langevåg blei etablert i 2021, medan datterselskapa i Ålesund og Volda starta drifta i 2024 , Ålesund i januar og Volda i desember.
Fjerde størst i regionen
Omsetninga i fjor ville plassert dei på ein 4. plass i Nett No si bransjeoversikt for restaurantbransjen på Nordvestlandet, rangert etter inntekter i 2024.

Planen er at det skal bli fleire Soi One-restaurantar.
– Eg tenkjer skalering i alt eg gjer, seier dagleg leiar Andre Fonn Skåre til Nett No.
Han eig restaurantane saman med Inge Buanes Roth gjennom deira felles selskap Ai Group. Gjennom det selskapet, er dei også medeigarar i restauranten Nonna Lina i Ålesund.
Moa mest aktuelt
Modellen er å drive restaurantar og take away-servering i ein prisklasse som gjer at kundane kjem att minst ein gang i månaden.
– Vi har eit mål om å etablere fleire avdelingar, seier Skåre.
Moa er den mest aktuelle plassen for restaurant nummer fire. Innan 10 år er planen fleire, men Skåre vil ikke talfeste kor mange, eller seie noko om kva lokaliseringar dei vurderer.
| Soi One AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 3,6 | 4,4 |
| Driftsresultat | 1,0 | 0,8 |
| Resultat før skatt | 1,8 | 0,8 |
| Soi One Ålesund AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 19,0 | 15,1 |
| Driftsresultat | 2,9 | 1,1 |
| Resultat før skatt | 2,9 | 1,1 |
| Soi One Volda AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 5,1 | 1,2 |
| Driftsresultat | -0,2 | 0 |
| Resultat før skatt | -0,2 | 0 |
Publisert: 30.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 29.03.2026 23:39






