NETT NO/NPK-NTB: - Vi oppnår mykje større fleksibilitet, seier Torben Sandvik om regeleendringa. Han er ansvarleg for helse, miljø, tryggleik og kvalitet hos Myklebust og har jobben med å planlegge korleis verftet skal tilpasse seg smittevernreglane.
Myklebust Verft i Sande kommuen ha omlag 140 fast tilsette og 70-80 utanlandske arbeidstakarar frå underleverandørar innanfor portane.
Då tiltaka mot koronaepidemien blei innført 12. mars i år blei det slutt på fri inn- og utreise av arbeidskraft.Myklebust Verft, som resten av verftsindustrien, har mange langtidspendlarar frå utlandet som jobbar for seg.
Inntil no har dei måtte sitte 10 dagar i karantene, frå dei kjem til Noreg, til dei kan gå jobb på verftet.
Men no er reglane endra, og arbeidarar som kjem frå utlandet kan gå rett i jobb.Norsk Industri har i samråd med helsestyresmaktene utarbeidd ein smittevernrettleiar for industrien slik at arbeidarar frå EU/EØS kan jobbe i karantenetida.
– Dette er svært godt nytt for mange industribedrifter. No kan bedriftene med meir føreseielege vilkår ta på seg nye ordrar, fullføre inneverande ordre og kunne sørgje for nødvendig vedlikehald på maskinpark og utstyr, seier administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.
– Dette er eit forsiktig steg i retning av å opne opp grensene med EU-land. Ei gradvis opning berre for bedriftskritisk personell vil òg gi norske styresmakter nyttig erfaring med tanke på om vi skulle oppleve nokre smittetilfelle i denne gruppa, seier Lier-Hansen.
Korleis verftet skal handtere regelverket skal avgjerast i samarbeid med dei tilsette kommunelækjaren, seier Sandvik.
I og med at verftet nærmar seg sommarferie og er i ferd med å avslutte ein del prosjekt er det først etter ferien at regelendringa får større praktiske konsekvensar.
Myklebust Verft i Sande kommuen ha omlag 140 fast tilsette og 70-80 utanlandske arbeidstakarar frå underleverandørar innanfor portane.
Då tiltaka mot koronaepidemien blei innført 12. mars i år blei det slutt på fri inn- og utreise av arbeidskraft.Myklebust Verft, som resten av verftsindustrien, har mange langtidspendlarar frå utlandet som jobbar for seg.
Inntil no har dei måtte sitte 10 dagar i karantene, frå dei kjem til Noreg, til dei kan gå jobb på verftet.
Større fleksibilitet
Karantenereglane har gjort dei meir krevjande å planlegge og dyrare å drive.Men no er reglane endra, og arbeidarar som kjem frå utlandet kan gå rett i jobb.Norsk Industri har i samråd med helsestyresmaktene utarbeidd ein smittevernrettleiar for industrien slik at arbeidarar frå EU/EØS kan jobbe i karantenetida.
– Dette er svært godt nytt for mange industribedrifter. No kan bedriftene med meir føreseielege vilkår ta på seg nye ordrar, fullføre inneverande ordre og kunne sørgje for nødvendig vedlikehald på maskinpark og utstyr, seier administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.
Grundig opplæring
Rettleiaren gir eit smittefagleg grunnlag for at arbeidarar, som kjem frå EU-/EØS-området for å bidra i norske industribedrifter, skal kunne utvise god førebyggjande åtferd. Industribedriftene må bruke rettleiaren til å gi grundig opplæring.– Dette er eit forsiktig steg i retning av å opne opp grensene med EU-land. Ei gradvis opning berre for bedriftskritisk personell vil òg gi norske styresmakter nyttig erfaring med tanke på om vi skulle oppleve nokre smittetilfelle i denne gruppa, seier Lier-Hansen.
Etter sommarferien
Sandvik seier selskapet må legge enda meir vekt på informasjon, opplæring og oppfølgjing av smitteverntiltaka slik at selskapet kan nyte godt av regelendringa samstundes som fast tilsette og lokalsamfunnet ikkje skal bli utsett for auka smitterisiko.Korleis verftet skal handtere regelverket skal avgjerast i samarbeid med dei tilsette kommunelækjaren, seier Sandvik.
I og med at verftet nærmar seg sommarferie og er i ferd med å avslutte ein del prosjekt er det først etter ferien at regelendringa får større praktiske konsekvensar.
Publisert: 18.06.2020 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58