Jan tore sanner foto håkon mosvold larsen ntb npk 11
PERSPEKTIVMELDING: Finansminister Jan Tore Sanner (H) legg fredag fram den nye perspektivmeldinga til regjeringa. Meldinga skulle eigentleg leggjast fram i fjor, men vart utsett på grunn av koronakrisa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Ventar at éin av tre må jobbe i helse og omsorg

2060 må 260.000 fleire enn i dag arbeide i helse og omsorg, spår regjeringa.

Marius Rosbach
11.02.2021

NPK-NTB: Behovet for arbeidskraft i helse og omsorg kan vekse med nesten 260.000 årsverk fram mot 2060.

Det er i den nye perspektivmeldinga til regjeringa det auka behovet kjem fram.

Perspektivmeldinga blir lagd fram fredag, men finansminister Jan Tore Sanner (H) delar allereie no nokre av hovudfunna med NTB:

* Viss det blir lagt til grunn ei lita forbetring i kvaliteten i åra som kjem, vil det ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vere behov for 110.000 fleire årsverk innanfor helse og omsorg i 2035.

* I 2060 vil det vere behov for nesten 260.000 fleire årsverk.

– Viss du legg dette til grunn, vil du gå frå at kvar åttande arbeidstakar jobbar innanfor helse- og omsorgssektoren i dag, til at kvar tredje må gjere det i 2060, seier Sanner til NTB.

Eldrebølgje
Det er eldrebølgja som er drivaren bak auken.

– Befolkninga endrar seg ved at det blir fleire eldre, fleire av dei eldste eldre og færre i yrkesaktiv alder bak kvar pensjonist, forklarer Sanner.

Samtidig kjem veksten i skatteinntektene til å minke, medan moglegheita til å bruke oljepengar blir reduserte fordi oljeinntektene går ned. Dermed blir Noreg sett i ein kraftig budsjettskvis.

Men sjølv om det kan verke overveldande, meiner Sanner det er fullt mogleg å sikre nok arbeidskraft òg i framtida.

– For det første så viser dette at helse- og omsorgsyrke er ein trygg jobb. Så unge folk som lurer på kva dei skal utdanne seg til, kan vite at vel dei helse- og omsorgsyrke, så vil det vere ein trygg jobb i tiåra som kjem, seier Sanner.

Punkt to er tiltak for å redusere behovet for helse- og omsorgstenester. Det kan skje på fleire måtar, meiner Sanner. Håpet hans er at bruken av velferdsteknologi skal auke, og at det skal bli mogleg for fleire eldre å bu heime lenger.

I tillegg må det takast grep for å styrkje folkehelsa:

– Vi må førebyggje betre. Gjennom betre folkehelse så vil òg behovet for omsorgstenester og helsetenester bli mindre.

Arbeidsmarknad i flyt
Spådommen i perspektivmeldinga er at det i åra som kjem må skje ei kraftig tilstrøyming av arbeidskraft frå andre sektorar til helse og omsorg.

Spesielt olje og gass vil oppleve fallande investeringar framover, slik at arbeidskraft blir frigjord.

Ein del av det auka behovet innanfor helse og omsorg vil òg kunne dekkjast ved at fleire går frå deltid til heiltid.

Koronapandemien har samtidig fått debatten til å blusse opp om avhengnaden av utanlandsk arbeidskraft innanfor helsevesenet. Men perspektivmeldinga inneheld ingen prognosar for korleis delen utanlandske arbeidstakarar vil utvikle seg dei kommande tiåra.

– Det vil i stor grad avhenge av kor godt vi lykkast med å utdanne våre eigne ungdommar, seier Sanner.

Vil utdanne fleire
Finansministeren fortel at ein av hovudstrategiane i perspektivmeldinga er at fleire unge må fullføre vidaregåande skule.

– Delen jobbar som ikkje krev formell utdanning, går kraftig nedover. Då har vi rett og slett ikkje råd til at så mange forlèt vidaregåande skule utan formell kompetanse, seier han.

Ifølgje Sanner er det framleis altfor mange ungdommar som droppar ut av vidaregåande utan fagbrev eller studiekompetanse.

– Viss vi skal kunne løyse oppgåvene innanfor helse og omsorg, og møte behovet til næringslivet i tiåra som kjem, er den viktigaste strategien å sørgje for at dei som i dag er under utdanning, fullfører og får eit fagbrev eller studiekompetanse som gjer at dei kan gå vidare.

Publisert: 11.02.2021 14:17

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:10

Mer om