Geir Karlsen CEO Norwegian bors og bacalao 2025 foto Ogne
«BØRS OG BACALAO»: Torsdag var Geir Karlsen på Sparebanken Møre sitt investorarrangement «Børs og Bacalao» for å presentere det børsnoterte flyselskapet for investorar på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar kraftig Widerøe-effekt framover

Oppkjøpet har gitt Norwegian fleire passasjerar - og sjefen ventar endå fleire.

13.03.2025

Først til sommaren byrjar Norwegian å få full effekt av ei samordning av rutetidene til Widerøe og Norwegian. 

Det seier Norwegian-sjef Geir Karlsen. 

Sunnmøringen deltok torsdag på «Børs og Bacalao» - Sparebanken Møre sin årlege samling - med tilhøyrande kåring av årets Næringsteft-vinnar.

Vil kapre Widerøe-passasjerar
På Nordvestlandet har Norwegian sitt dotterselskap ruter frå Kristiansund, Molde, Ålesund, Ørsta/Volda og Sandane. Norwegian flyg til og frå Ålesund og Molde

Om lag halvparten av dei reisande med Widerøe skal vidare, eller kjem frå ei anna reise, med eit anna flyselskap. 

Før Widerøe vart eit Norwegian-selskap tok, Norwegian berre 15-20 prosent av dei desse passasjerane. Storparten av desse reiste med Norwegian sin største konkurrent, SAS.

Framover venter Karlsen at Norwegian skal fange opp minst 50 prosent av alle Widerøe-passasjerane som skal vidare med, eller kjem frå, eit anna flyselskap.

– Det er eit stort beløp, seier Karlsen om den økonomiske betydninga for Norwegian - om selskapet lukkast med på få passasjerar som flyg med Widerøe, til også å flyge med Norwegian i staden for med ein konkurrent.

Fleire fordelar
I tillegg til samordning av rutetidene for å gjere det meir attraktivt å kombinere Widerøe og Norwegian på flyreiser, kjem Norwegian også til å innlemme Widerøe sitt fordelsprogram.

Fram til oktober er Widerøe bundne opp til ein avtale med Eurobonus-programmet. 

– Frå da er vi vidare med Norwegian Reward, seier Karlsen.

Trur på dei mindre flyplassane
Auka økonomisk støtte for å oppretthalde trafikken på mindre flyplassar, gjer at Karlsen er optimistisk på vegne av framtida til desse flyplassane.

Auka internasjonal spenning medverkar óg til at det desse flyplassane er blitt viktigare av beredskapsomsyn.

– Det er kanskje enda viktigare i dag at du kan oppretthalde flytilbodet langs denne fantastiske kysten, seier Karlsen. 

Publisert: 13.03.2025 18:10

Sist oppdatert: 13.03.2025 22:00

Mer om