Ventar på vind
I ventetida går det bra også utan vind for Offshore & Trawl Supply.
- Året vart atskilleg betre enn planlagt, seier Offshore & Trawl Supply-sjef Stein Frode Bulling-Ness om 2023
Bedrifta på Valderøya lagar tau til fortøyningar, hal og slep, med oljebransjen som viktig kunde.
Der er det oppsving, og det merkast også for Offshore & Trawl Supply.
Drifsinntektene steig til neste 100 millionar kroner i fjor, og har aldri vore høgare. Driftsresultatet i høve til driftsinntektene har heller ikkje vore større sidan 2015 - det siste året før verknaden av oljeprisfallet i 2014 slo inn i marknaden.
Offshore & Trawl Supply as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 98,5 | 80,0 |
Driftsresultat | 10,6 | 6,2 |
Resultat før skatt | 8,2 | 4,9 |
Satsa på vind
Offshore & Trawl Supply har i fleire år budd seg på å konkurrere om marknaden som kjem når ei storstilt satsing på flytande vindturbinar kjem i gang. Slike turbinar treng mykje tauverk, og det vil Valderøybedrifta gjerne levere.
OTS etablert datterselskapet Advanced Mooring Supply (AMS) i 2002 og legg satsing på vindkraft inn i det selskapet. Selskapet trur auka volum vi favorisere tauverk i staden for kjetting, både av pris- og vektomsyn.
Planen er mellom anna å bygge ein ny fabrikk og tilsette folk for å produsere tauverk og fortøyingsløysingar for flytande vindkraftanlegg, sa Bulling-Ness til Nett No i 2022.
Lenger tid
Bygginga av flytande vindmøller til havs har tatt lengre tid å kome i gang med enn selskapet opphavleg håpte på, vedgår Bulling-Ness, og det gjer og at Offshore & Trawl Supply ventar med ny fabrikk.
Når selskapet likevel har hatt vekst skuldast det både eit oppsving hos den tradisjonelle olje- og gassbransjen. I tillegg er det også er bruk for tau når vindmøller som skal stå på botnen skal settast opp.
I år reknar Bulling-Ness med at inntekt og lønsemd omlag som i år.
Publisert: 10.07.2024 05:00
Sist oppdatert: 09.07.2024 18:50