Kraftprodusenten reknar med at prisfallet i haust vil gjere at 2024-resultatet blir omlag som i 2023, korrigert for salsgevinsten på 219 millionar kroner som selskapet hadde i fjor.
Den gevinsten var ein rekneskapsmessig gevinst til Sogn og Fjordane Energi (SFE) frå samanslåinga av nettselskapet Linja med Tussa og Tafjord sitt nettselskap Mørenett.
SFE produserte 2.030 GWh i 2023. Det er venta at årsproduksjonen for 2024 vert noko høgare, men tilsiget utover hausten vil ha stor betydning, skriv selskapet i halvårsrapporten for 2024.
Ved inngangen til 2. halvår hadde Sogn og Fjordane Energir ei magasinfylling som tilsvarar ein produksjon på 662 GWh. Dette er 159 GWh meir enn ved inngangen til 2024 og 141 GWh meir enn ved inngangen til andre halvår 2023.
Les børsmelding her (ekstern lenke)
SFE vedtok å betale 254 millionar kroner til eigarane etter 2023. Det er det høgaste SFE-utbytte sidan 2008, og meir enn ei dobling i høve til året før.
Tidlegare i sommar varsla SFE at dei største eigarane vil utgreie samanslåing med Eviny (tidlegare BKK).
Arbeidert med utgreiinga startar i september og Sogn og Fjordane Energi reknar med å ha ein rapport som eigarane kan ta stilling til klar i desember i år.
Sogn og Fjordane Energi as | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1301,2 | 1422,2 |
Driftsresultat | 327,6 | 386,9 |
Resultat før skatt | 308,6 | 580,8 |
Publisert: 29.08.2024 10:12
Sist oppdatert: 29.08.2024 11:40