Harald Nordal Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
TIDKREVJANDE: Administrerande direktør Christer Valderhaug (t.h.) og styreleiar Harald Nordal i Arctic Bioscience
Nytt

Ventar svar på studie neste år

Gjennomføringen har tatt lengre tid enn planlagt for Arctic Bioscience.

29.08.2023

I løpet av andre halvår i år ventar Arctic Bioscience å ha innrullert alle pasientane som skal vere med i selskapet si internasjonale studie av det silderognbaserte legemiddelet mot hudsjukdomen psoriasis. Seks månader etter, i første halvår 2024, vil dei første resultata av studien vere klare.

For eitt år sidan rekna Arctic Bioscience med at resultata frå studien skulle vere klare no i andre halvår 2023, men godkjenningsprosessen og formalitetane for å kome i gang viste seg å vere meir tidkrevjande enn venta, skriv selskapet i halvårsrapporten for 2023.

Les børsmelding her

To studiar
Tidlegare medisinske testar i Noreg har vist positive resultat, men middelet må gjennom to større og internasjonale studier på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel.

Det er den første at desse studiane som no er i gang. Den foregår i Storbritannia, Finland, Tyskland, Polen og Noreg og omfattar 519 pasientar.

Selskapet har nok kapital til å gjennomføre studien som no pågår. Opphavleg var planen å gjennomføre ei ny kapitalutviding i første halvår for for å finansiere den tredje studien, men i og med at studien blir ferdig seinare enn først venta, vil tidspunktet for kapitalutvidinga også blir utsett, ifølgje Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug.

Auka sal
I tillegg til å utvikle legemiddel produserer Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta også helsekostprodukt og det er salet av dei som gir inntekter til selskapet. (sjå tabell)

I første halvår auka selskapet salet av helsekostprodukt og vrei samtidig meir av salet over frå bulkprodukt til ferdigvarer.

Arctic Bioscience vart børsnotert i 2021 og har ei rekkje investorar frå Nordvestlandet på eigarsida. Største aksjonær er Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II (12,17 prosent). Styreleiar Harald Nordal og Per Arne Nordal eig 6,09 prosent gjennom selskapet Capra Invest. Møre og Romsdal fylkeskommune er tredje største eigar, med 5,18 prosent gjennom selskapet MRFK Holding.

Arctic Bioscience as
1. halvår. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt19,114,4
Driftsresultat-22,6-16,2
Resultat før skatt-20,7-14,9

Publisert: 29.08.2023 11:47

Sist oppdatert: 29.08.2023 11:47

Mer om