Christer Valderhaug Converto foto Ogne
TESTEPRGRAM: Andre halvår neste år har Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug dei første svara frå stort internasjonalt testprogram. Målet er legemiddelgodkjenning. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar testsvar neste haust

Dei første pasientane i Arctic Bioscience sitt store internasjonale testprogram er snart i gong.

25.08.2022

Arctic Bioscience har utvikla eit middel til behandling av hudsjukdomen psoriasis. Middelet er basert på silderogn, og skal no gjennom eit stor internasjonal test, der pasientar frå fem ulike land skal teste ut middelet.

Testinga startar i fjerde kvartal i år.

Tidlegare medisinske testar i Noreg har vist positive resultat, men middelet må gjennom ein større og internasjonal test på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel.

Dei første svara frå ei seks månadars testperiode vil kome i løpet av andre halvår neste år, skriv Arctic Bioscience i halvårsrapporten for 2022.

Les børsmelding her

Sjå resultatpresentasjon direkte klokka 10:00 her, eller i opptak seinare.

Fabrikkbygg på vent
Arctic Bioscience hadde rive eit gamalt bygg og gjort klart for å byrje bygging av ny fabrikk i Hovdebygda i Ørsta, men bestemte seg i vår for å utsette bygginga i uviss tid.

Internasjonal uro, prisauke på material og utstyr og uvisse om leveringstider var grunngjevinga for at bygget vart utsett.

I halvårsrapporten skriv selskapet at det ser etter alternativ for å produsere nok psoriasismiddel til testprogrammet. Korleis og kvar den produksjonen skal skje vil blir avgjort i løpet av dette halvåret.

Inntil ei eventuell legemiddegodkjenning av psoriasismiddelet er det helskostprodukt som er inntektskjelda for Arctic Bioscience. Selskapet ventar vidare vekst i den marknaden i andre halvår.

Kursfall
Arctic Bioscience blei børsnotert i februar 2021. Ved nortering var aksjekursen 28,50 kroner. Kursen nådde sitt høgaste niva - 30 kroner aksjen - i mars 2021.

Etterpå har kursen falle i rykk og napp. Hittil lågaste kurs - 13,25 kroner aksjen - fekk selskapet 14. juli i år.

Før børsen opnar i dag er kursen 15,30 kroner aksjen. Det verdsett Arctic Bioscience til 373 millionar kroner.

Arctic Bioscience ASA
1. halvår. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt14,412,0
Driftsresultat-16,2-20,8
Resultat før skatt-14,9-21,2

Publisert: 25.08.2022 08:42

Sist oppdatert: 25.08.2022 11:54

Mer om