Myklebust verft april 2024 foto marius
HØG AKTIVITET, TRENG FOLK: Bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft har fått EU-kommisjonen i ryggen. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Verfta får støtte frå EU-kommisjonen

Arbeidskraftmangelen er i ferd med å bli prekær, seier bransjeleiar.

03.05.2024

(NPK-NTB/NETT NO): Regjeringas forbod mot innleige frå vikarbyrå er «klart grenseoverskridande» og bryt med prinsippet om fri etableringsrett, meiner EU-kommisjonen.

Dermed er det norske innleigeforbodet eit brot på EØS-avtalen, skriv kommisjonen i eit høyringssvar til Efta-domstolen, ifølgje Aftenposten.

Samd med EU-kommisjonen
På bransjeorganisasjonen Norsk Skipsverft sitt årsmøte i førre veke fekk EU-kommisjonen sitt syn full støtte.

Problemet, slik verfta opplever det, er at den arbeidskraft dei treng ikkje er i Noreg. Med innleigeforbodet får verfta heller ikkje tak i arbeidskraft frå utlandet.

Skipsverfta protesterte på innføringa av innleigeforbodet og administrerande direktør Asle B. Strønen seier arbeidskraftsituasjonen no er i ferd med å bli prekær. Han fryktar at så lenge innleigeforbodet gjeld, vil det svekke verfta si evne til å ta på seg nybyggingsoppdrag framover.

Gjekk til sak
Tolv vikarbyrå har gått til søksmål mot den norske staten fordi dei meiner innleigeforbodet regjeringa har innført, bryt med EØS-avtalen.

Det skjedde etter at Eftas overvakingsorgan Esa i juli i fjor opna sak mot Noreg om innleigeforbodet. Vikarbyråa krev no staten for 50 millionar kroner i erstatning for tapte inntekter.

Saka går no for Oslo tingrett, som har bede Efta-domstolen om rettleiing i EØS-retten på området.

Høyring i Efta-domstolen i juni
19. juni skal Efta-domstolen ha ei munnleg høyring i Luxembourg. Så langt har fem partar komne med skriftlege innspel, blant dei EU-kommisjonen som altså tek til orde for å skrote det norske forbodet.

I 2022 fjerna regjeringa moglegheita bedrifter har til å bruke innleige når arbeidet er av mellombels karakter. I tillegg vart det innført eit totalforbod mot bruk av innleige i byggje- og anleggsbransjen i Oslo, Akershus, Østfold, Buskerud og Vestfold.

Publisert: 03.05.2024 10:15

Sist oppdatert: 03.05.2024 10:37

Mer om