Alfred Bjørlo foto Venstre
AVTALEBROT: Alfred Bjørlo frå Venstre krev at regjeringa reverserer dei nye reglane for innleige av personnell. Esa har opna sak mot Noreg, og meiner regjeringa bryt reglane i EØS-avtalen. Foto: Venstre
Nytt

Esa opnar sak mot Noreg etter nye innleigereglar

Alfred Bjørlo skuldar regjeringa for å ri blindt på ei bølgje av forakt mot det private næringslivet.

Esa har onsdag sendt eit formelt opningsbrev til Noreg for å ha innført «uberettigede og uforholdsmessige» restriksjonar på bruken av innleige, skriv tilsynet i ei pressemelding.

Esa er Eftas overvakingsorgan og kontrollerer at EØS-avtalen blir følgd. Tilsynet meiner Noreg bryt med vikarbyrådirektivet og fridommen til å kunne yte tenester innanfor EØS-området.

Bakgrunnen er lovendringane regjeringa innførte i 2022, som fjernar moglegheita bedrifter har til å bruke innleige når arbeidet er av mellombels karakter.

I tillegg vart det innført eit totalforbod mot bruk av innleige i byggje- og anleggsbransjen i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold fylke.

Vurderer søksmål
Esa har fått fleire klager etter innføringa av dei nye reglane og sende tidlegare i år ei rekkje spørsmål til norske styresmakter. Blant klagarane er organisasjonen Små og mellomstore bedrifter (SMB).

– Vi er sjølvsagt veldig glade for å bli høyrt, seier administrerande direktør Jørund Rytman til NTB.

Han fortel at SMB allereie har vore i kontakt med fleire bedrifter som vurderer å gå til sak mot Noreg, på grunn av dei nye innleigereglane.

– Dette har hatt drastiske konsekvensar for bedrifter som mistar oppdrag, og for tilsette som mistar jobben, seier Rytman.

Kranglar om EU
Venstres Alfred Bjørlo krev at regjeringa reverserer dei nye reglane.

– Endå ein gong kjem EØS-avtalen og reddar oss frå ei regjering som rir blindt på ei bølgje av forakt mot det private næringslivet. Dette viser berre kor viktig tilknytinga vår til EU og den europeiske fellesskapen er, seier Bjørlo til NTB.

Raudts Mimir Kristjansson trekkjer motsett konklusjon.

– Her må regjeringa berre setje ned foten og seie nei. Om det ikkje er mogleg, så meiner eg det er ein god grunn til å starte arbeidet med å ta Noreg ut av EØS, seier Kristjansson, som varslar at han vil be regjeringa svare på om dei kjem til å opponere mot ein eventuell dom frå Esa.

Esa skal ikkje overstyre viljen til stortingsfleirtalet, supplerer Senterpartiets Per Olaf Lundteigen.

– Vernelova i arbeidslivet, arbeidsmiljølova, skal sikre eit velorganisert arbeidsliv. Derfor vart bruken av bemanningsselskap stramma inn frå 1. juli i år. Denne debatten skal vi i Sp ta med den største frimodighet, seier han.

Høgre: Varsellampene burde blinka
NHO-direktør Nina Melsom er ikkje overraska over Esas avgjerd. Ho seier innleigereglane rammar medlemmene deira hardt.

– Vi har heile tida meint at innleigeforbodet er dårleg laga ei konsekvensutgreiing og rammar mange bedrifter uforholdsmessig. Derfor har vi heile tida vore kritiske til regjeringa i denne saka, seier Melsom.

Høgres Anna Molberg meiner klaga frå SMB burde fått varsellampene til å blinke hos regjeringa.

– Her har ein forhasta seg og innført eit regelverk for å vise politisk handlekraft utan å greie godt ut det nok på førehand. Det tenkjer eg er dårleg politisk handverk, seier Molberg.

– Regjeringa har overdrive problemet med innleige og laga eit regelverk som gjer meir skade enn gagn, slår Høgrepolitikaren fast.

Første steg
Esa omtaler dei nye innleigereglane som «vidtrekkande og inngripande» og meiner dei strir med det todelte målet i vikarbyrådirektivet om å verne vikarar og sørgje for fleksibilitet i arbeidslivet. Tilsynet meiner heller ikkje at restriksjonane på innleige er forholdsmessige.

– Vi har heile tida sagt at dette er ei sak vi vil prioritere på grunn av dei omgåande konsekvensane det kan ha på arbeidsmarknaden, arbeidsgivarar og arbeidstakarar, seier kommunikasjonssjef Jarle Hetland i Esa til NTB.

Eit formelt opningsbrev er det første steget i ei formell traktatbrotsak. Noreg har no to månader på å uttrykkje sitt syn før Esa kan vedta å ta saka vidare.

Overraska
Statssekretær Maria Schumacher Walberg (Ap) skriv i ein e-post at regjeringa meiner innstrammingane ligg innanfor handlingsrommet Noreg har etter EØS-avtalen.

Ho viser til at stortingsfleirtalet har slutta seg til lovendringa. Forutan regjeringspartia, stemde SV og Raudt for lovforslaget til regjeringa.

– Vi er i dag gjorde kjent med at Esa vil opne sak mot Noreg, men har ikkje rokke å sjå nærare på innhaldet i opningsbrevet. Eg er likevel overraska over at Esa vel å opne sak mot Noreg på dette området, skriv Walberg.

– Eg konstaterer også at Esa ikkje har brukt spesielt lang tid på å gå gjennom eit svært grundig og omfattande svar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet på ei rekkje spørsmål Esa har stilt, før denne avgjerda, skriv ho vidare.

Publisert: 19.07.2023 15:55

Sist oppdatert: 19.07.2023 15:55

Mer om