Ambulansebåt illustrasjon Sea Technology 11
KLARE NESTE ÅR: Dei to ambulansebåtane skal vokte kystlinja frå Stad i nord til Bergen i sør. Illustrasjon: Sea Technology
Nytt

Vil ha venger på fleire ambulansebåtar

Suksess med Ålesund-båt sikra leveranse til to nybygg på Måløy Verft.

Marius Rosbach
12.08.2021

Trondheim-baserte Wavefoil har sikra seg levering av sin nyskapande venge under baugen på to nye ambulansebåtar.

Selskapet som har kontor både i Ålesund og Fosnavåg, skal levere fire WE1050-modular med kontrollpanel til båtane, opplyser Wavefoil i ei pressemelding torsdag.

Måløy Verft skal bygge båtane på oppdrag for Gulen Skyss. Kontrakten til Wavefoil er gjort med Sea Technology, som har designa båtane.

Gir mindre vibrasjonar
Dette er andre gongen Wavefoil-venga kjem på ein ambulansebåt. Første gong var då Ålesund-firmaet Maritime Partner leverte Norges største ambulansebåt til Loppa Legeskyssbåter i fjor.

Wavefoil-sjef Eirik Bøckmann uttalar i pressemeldinga at dei gode erfaringane med MS Thea Jensen ligg til grunn for det nye oppdraget.

Han fortel at vengane reduserer vibrasjonane i fartøyet med ein firedel, og han er trygg på at vengene vil bidra til god pasienttryggleik og komfort, også om bord på dei nye båtane.

(saka held fram under)

Sparer drivstoff med venge
FART OG STABILITET: Vengen til Wavefoil blir trekt inn i skroget i stille sjø som gir betre stabilitet og moglegheita til å halde større fart. Foto: Wavefoil

Kan også spare drivstoff
I bølgjer vert vengen folda ut. I tillegg til rolegare sjøgang, er det høve til å halde større fart i dårleg ver.

Vengen skal også spare drivstoff og tidlegare utrekningar viste ein reduksjon i forbruket på opptil 15 prosent.

Tidlegare er vengene også kome om bord på ein kombinert bil og passasjerfraktebåt og eit sightseeingfartøy.

Takast i bruk neste år
Ambulansebåtane som skal i trafikk for Helse Førde innan mai neste år, blir stasjonert i Solund og i Florø.

Katamaranane blir bygde av glasfiber og karbonfiber. Dei blir 23,1 meter lange og 7,8 meter breie og får ein toppfart på 32 knop.

Publisert: 12.08.2021 13:02

Sist oppdatert: 28.09.2021 15:35

Mer om