Verkar spennande og goey
NYSGJERRIGE: Julie Andrea Blindheim (t.v.) og Hanne Langvatn frå Valderøy ungdomsskule var mellom elevane som deltok på Jenter og teknologi ved NMK måndag. 
Nytt

– Verkar spennande og gøy

To av elevane på Jenter og teknologi-arrangementet fekk meir lyst til å velje teknologi. Utfordringa er ofte å få rom til praktisk undervisning for å vekke interessa, meiner rådgjevar.

Marius Rosbach
11.11.2019
Ungdomsskuleelevar frå Ålesund, Giske og Hareid deltok måndag på ved Norsk Maritimt Kompetansesenter.
Ved å møte rollemodellar som fortel om sine val, håpar arrangørane at fleire jenter vil bli inspirert til å velje teknologi.

Ulike type jobbar

Både Julie Andrea Blindheim og Hanne Langvatn frå Valderøy ungdomsskule blei nysgjerrige på kva det betyr å velje teknologistudiar.
– Det verkar spennande og gøy, og det er mykje forskjellig ein kan jobbe med, seier Blindheim til NETT NO.
I løpet av arrangementet blei det peika på moglegheiter som finst i ulike bransjar. Det kan vere sensorteknologi som måler blodsukkeret hos diabetespasientar, 3D-printing til dømes av kroppsorgan til menneske, eller teknologi som gjer byar smartare ved at fleire ting «snakkar saman».
– Mykje at arbeidet verkar å vere praktisk, og det er kjekt. Også er det jo teknologi som er framtida, seier Langvatn.
14-åringane fortel at dei ikkje snakkar så mykje om kva utdanning dei skal ta, eller kva for jobbar dei ønskjer seg. Begge gir uttrykk for at dei kjenner seg litt unge til å ta slike val enno.

Les meir:


– Treng ikkje å vere knallgode i realfag

Rådgjevar Roar Blindheim trur opplegget med å la dei unge jentene treffe kvinner som har valt teknologi har noko for seg.
– Spesielt å treffe unge kvinne som fortel om sin veg - og ikkje minst at dei treng ikkje å vere knallgode i realfag på ungdomsskulen, men at det er mogleg å bli god på det ein vil, så lenge ein har interessa, seier han til NETT NO.
Jentene i salen fekk høyre at mange teknologifag gir gode moglegheiter for å få jobb. Ein av seks NHO-bedrifter fortel også at dei manglar nok søkjarar til mange jobbar.

Les meir:



Knappe ressursar i skulen

Rådgjevaren trur det er viktig at jentene treffer teknologi i skulen. I dag gjer dei i første rekke det via teknologivalfag som er dominerte av gutar.
– Dei treffer ofte ikkje dei morosame og kule eksperimenta som dei kunne ha tent på. Eg trur det hadde vore bra å få meir praktisk øving inn i realfaga, men tida kan ofte bli litt knapp. Læraren skal gjennom pensum. Då kan det vere krevjande å få tid og rom til dei praktiske aktivitetane der ein kunne treft alle – også jentene, seier han.
I tillegg til å ha nok tid til å undervisninga, er ofte utstyr også ei mangelvare.
– Det å ha nok utstyr har sjølvsagt med pengar å gjere. Også det å reise til Newton-rommet her på NMK kostar pengar, påpeiker han.

Samarbeidsprosjekt på turné

Prosjektet med Jenter og teknologi er eit samarbeid mellom NHO, Nito og Næringslivets sikkerhetsråd (NSR). I desse dagar er dei ute på turné der dei møter 9. og 10. klassejenter over heile landet.
– Mangel på ingeniørar og teknologar fører til at oppågåver i samfunnet ikkje blir løyst, og nettopp difor treng vi fleire unge som ønskjer å studere teknologi- og realfag, fortel Sahar Olsen som er avdelingsstyremedlem i Nito Møre og Romsdal.
Ei undersøking viser at sju av ti unge jenter meiner dei treng meir informasjon om teknologiutdanningar.

Les også:



Eg trur det hadde vore bra å få meir praktisk øving inn i realfaga, men tida kan ofte bli litt knapp

Publisert: 11.11.2019 15:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44