Sjøfartsdirektoratet har fredag innvilga at MF Veøy og MF Bolsøy kan gå i rute mellom Geiranger og Hellesylt gjennom heile sesongen 2026, skriv Fjord1 i ei pressmelding.
– Dette er svært gledeleg, og gir ein tryggheit både for oss og for marknaden. Dette stadfestar at vårt publiserte rutetilbod står seg gjennom heile sesongen, seier driftsdirektør André Høyset i meldinga.
Utsleppsfritt
Kravet er at ferjer og mindre fartøy på Geirangerfjorden frå og med i år ikkje skal sleppe ut CO2. Det betyr at dei ikkje lenger kan bruke diesel som drivstoff, men for eksempel må legge om til batteridrift slik konkurrenten til Fjord1, Vestlandske har gjort.
Dei to selskapa konkurrere om biltrafikken mellom Geiranger og Hellesylt med to bilar kvar.
Heller ikkje Vestlandske innfrir nullutsleppskravet i starten av turistsesongen, men har to ferjer under ombygging til batteridrift og mål om å sette dei i trafikk i juni i år.
Satsar på vernestatus
Fjord1 har i staden satsa på at vernestaus for sine to ferjer skulle gi selskapet unntak frå nullutsleppskravet.
Sjøfartsdirektorat gav først unntak ut juni i år, men har no gitt unntak for heile sesongen.
Driftsdirektør André Høyset seier selskapet har inne ein søknad om å få drive dei to ferjene også neste år - og framove. Han meiner det er ei opning for slik drift med utgangspunkt i vernestatusen dei to ferjene har.
Fjord1 skal trafikkere fjorden ut oktober denne sesongen.
Utsette utsleppskrav for cruise-skip
Også tidlegare har styresmaktene fira på eigne nullutsleppskrav.
Medan store cruiseskip framleis kan segle inn til Geiranger på diesel, må ferjer og liknande fartøy vere utsleppsfrie frå og med 2026.
Opphavleg skulle alle skip som ville inn til Geiranger, vere CO2-utsleppsfrie frå og med 2026.
I august 2024 utsette Støre-regjeringa kravet om utsleppsfri seglas til 2032 for større cruiseskip.
Det fekk mellom andre Havila Kystruten-sjef Bent Martini til å reagere, medan Støre forsvarte vedtaket av omsyn til cruisenæringa.
Publisert: 08.05.2026 15:35
Sist oppdatert: 09.05.2026 10:11






