Nytt

Vi gi kjapt svar på gruvesøknadar

Norske mineral skal bidra til europeisk lausriving frå Kina. No vil regjeringa innføre hurtigbehandling av søknader om løyve til gruvedrift.

22.06.2023

NPK-NTB-Steinar Schjetne: – Det er ei tryggingspolitisk utfordring at store delar av forsyningskjedene for kritiske råvarer er konsentrerte i enkeltland som Kina. Derfor er det viktig at vi bidreg til å sikre både vår eigen, koalisjonspartnarane våre og samarbeidspartnarane våre tilgang til nødvendige mineral og metall, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Han legg onsdag fram mineralstrategien til regjeringa, som kort kan samanfattast i raskare etablering, meir utvinning og større omsyn til miljø og berekraft. Og det er heilt klart at privat kapital er avgjerande for at satsinga til regjeringa skal lykkast, men Vestre meiner også regjeringa må vurdere å etablere eit statleg mineralselskap eller fond.

– Noreg er allereie ein viktig leverandør av mange kritiske råvarer, og ambisjonen vår er at vi skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av mineral til det grøne skiftet, seier Vestre.

EU har sjølv laga ein strategi for kritiske råmateriale, Critical Raw Materials Act (CRMA), der målet er å gjere seg mindre avhengig av Kina. I dag får EU 98 prosent av alle sjeldne jordmetall og 93 prosent av alt magnesium frå Kina.

Viktige råmateriale trengst i mellom anna mobiltelefonar, elbilar, databrikker, batteri, solcellepanel og vindturbinar, påpeika leiaren i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, då ho presenterte planen i EU-parlamentet i Strasbourg.

Fem punkt

Den norske strategien består av fem hovudtrinn:

* Raskare utvinning og produksjon av norske mineral gjennom hurtigspor for behandling av konsesjonssøknader og dessutan geofysisk kartlegging av norske mineralførekomstar.

* Gjenbruk og resirkulering skal vere hovudregelen. Det betyr å minimere overskotsmassar og krav om ein plan for gjenbruk av overskotsmassar.

* Nullvisjon om bruk av kjemikaliar som ikkje er miljøsertifiserte og eit mål om nullutsleppsmaskiner frå 2030.

* Mobilisere privat kapital og ta noko av risikoen gjennom Grønt industriløft og vurdere eit statleg mineralselskap eller fond.

* Styrke samarbeid om råvaretilgang og robuste verdikjeder med EU og europeiske land.

– Metall og mineral er ein føresetnad for å gjennomføre det grøne og digitale skiftet, og med denne strategien tek vi sats for å utvikle den mest berekraftige mineralnæringa i verda, seier Vestre.

Løyvde 30 millionar

I statsbudsjettet vart det sett av 10 millionar til kartlegging av mineralressursar, og i revidert statsbudsjett blir det løyvd ytterlegare 20 millionar. I den samanhengen gav Vestre uttrykk for at auka og sikrare tilgang til kritiske mineral er ein føresetnad for det grøne skiftet.

Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark er nemnt som eit av områda regjeringa ønskjer å sjå nærare på. Regjeringa foreslår ikkje endringar i regelverket som regulerer utsleppsløyvet, altså forureiningslova. Det betyr at det framleis skal vere lov å dumpe gruveavfall på havbotnen, sjødeponi.

Likevel rosar Naturvernforbundet regjeringa for å ta «fleire steg i riktig retning» med mineralstrategien.

– Endeleg tek regjeringa eit oppgjer med mange tiår med skrekkeleg mineralforvaltning. Strategien legg opp til eit heilt nytt regime for gruveavfall, som sannsynlegvis kunne forhindra at prosjekta ved Førdefjorden og Repparfjorden hadde vorte godkjende viss dei skulle søkt i dag, seier leiar Truls Gulowsen.

Venstre meiner på si side at «det blir hult å snakke om å utvikle verdens mest bærekraftige mineralnæring» når sjødeponi framleis skal vere lov.

MDG: Godt arbeid

– Overordna er dette godt arbeid frå næringsminister Vestre. Samanlikna med det tidlegare regjeringar har levert om landbasert gruvedrift, er denne strategien fleire steg i rett retning. Det er bra at sirkulærøkonomi og gjenbruk av overskotsmassar blir løfta høgt, seier Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne.

– Det er heilt openbert at Noreg, og Europa, må gjere oss meir uavhengige av Kina. Sjølv MDG innser at det betyr litt meir gruvedrift på land, poengterer han.

Sjølv om Høgre skuldar regjeringa for å vere altfor seint ute med mineralstrategien sin, meiner partiet det er tydeleg at Vestre har late seg inspirere av mineralstrategien til Høgre frå tidlegare i år.

– Det gir moglegheiter for samarbeid. Det er også positivt at regjeringa til liks med Høgre vil etablere hurtigspor for mineral og peikar ut Fensfeltet som eit satsingsområde, seier Bård Ludvig Thorheim i Høgre.

– Når det gjeld internasjonalt samarbeid meiner vi at regjeringa må seie tydeleg at Noreg skal knyte til seg EUs CRMA. Sistnemnde er langt meir ambisiøs enn strategien til regjeringa og bør implementerast raskt etter lovpakken er vedteken og vurdert som EØS-relevant. Vi bør også delta langt meir aktivt i USAs Mineral Security Partnership og knytte oss tettare til nordiske partnarar og EU enn det regjeringa legg opp til, seier han.

Publisert: 22.06.2023 07:11

Sist oppdatert: 22.06.2023 07:11