Vi har berre ikkje visst om noko anna
GOD REKRUTTERING: – Det tyder på at vi har gjort noko rett når dei unge ser at det er mogleg å drive dette vidare. Vi har kjempegod rekruttering, seier Stig Ervik (t.v bak). Vidare mot høgre er Paul Inge Hoddevik, Vebjørn Ervik, Bjørnar Ervik og Severin Ervik. Frå venstre framme er Kristoffer Aarsheim, Kent Ervik, Robert Ervik, Jetmund Ervik.
Nytt

– Vi har berre ikkje visst om noko anna

Latteren sitt laust, men den nye generasjonen i Ervik Havfiske er medvitne ansvaret som følgjer med å styre skuta vidare. 

Marius Rosbach
14.12.2019

Kring bordet på eit av møteromma i det moderne hovudkvarteret til Ervik Havfiske sitt seks – snart åtte - unge menn. Alle har på ulike vis sentrale roller når reiarlaget sett kursen vidare under leiing av ein ny generasjon.

– For min del kjennast det rett å fortsette som dei gjer. Men no blir det fleire enn to stykke som skal bestemme, så vi får sjå, seier Severin Ervik og ler.

«Dei» er Stig - faren til Severin – og tremenningen Kjell Magne. I løpet av drygt 30 år har dei bygd opp eit reiarlag som driv linefiske med 18 båtar over store delar av verda.

nettnohalf

Dobbeltdåp
Laurdag skal reiarlaget døype dei to nyaste fartøya MS Vestkapp og MS Frøyanes Junior ved Borgundvåg på Stad. Då blir det også omvisning ombord på linebåtane.

At den yngre generasjonen i reiarlaget har erfaring og kunnskap på fiske og båt er det ingen tvil om. Kring bordet er det fire tidlegare, eller noverande skipperar, og to maskinistar som no har gått på land. Men dei forsikrar at dei ikkje har blitt pressa på sjøen.

– Vi har berre ikkje visst om noko anna, seier ein og påpeiker at nokre blei teke med om bord før dei kunne gå.

Les også: På veg frå Istanbul til Stad

Fleire design-jobbar for Marin Teknikk

Ervik byggjer to linebåtar i Tyrkia

– Ein motivasjon
Latteren sitt laust, men dei er medvitne ansvaret som følgjer med å styre skuta vidare. Det som starta med at Stig og Kjell Magne Ervik kjøpte Norges eldste linebåt, er vekse til eit konsern som famnar alt frå fiskeri og båt, til daglegvare, restaurant og hotell.

nettnohalf

Dei har kring 400 tilsette på lønningslista og får stadig fleire. Medan vi ventar på dei to siste som kjem frå skule i Måløy, spør vi om korleis dei ser på rolla som eldstegenerasjonen har teke som samfunnsbyggjarar.

– Alle her brenn for lokalsamfunnet og det er ein motivasjon når vi ser at det byggjast i område. Då er det er kjekkare å drive på, seier Robert Ervik, som er yngstesonen til Stig og har tittelen driftsansvarleg.

– Må ha arbeidsplassar på land
På andre sida av bordet sitt Kristoffer Aarsheim – nevøen til Stig. Han skal ut på sin første tur som skipper og snakkar varmt om spaninga ved å reise ut og vite at det kan bli alt frå bomtur til ei årslønn på seks veker.

– Men folk som bur her må ha arbeidsplassar på land også. For ei familie er det mykje enklare å busette seg ein plass om begge foreldra kan få jobb, påpeiker han.

Siste tilskott som har skapt liv i heimbygda er eit hotell med 32 rom og tilhøyrande restaurant, pub og konferanserom. Det er ei investering på kring 60 millionar kroner.

– Det er kjempegreier. Det er verdiskaping, i tillegg til det blir ein møteplass der folk kan kome og ha det kjekt, seier Aarsheim.

Dei får av og til høyre frå folk som sett pris på kva fiskerikonsernet har lagt att på land: – Men vi fekk også høyre det då Furebuda ikkje var ope ei stund, skyt Robert inn.

Vurderer frysemottak
Om ein ser på dotterselskapa som har vekse fram kring linebåtane er det ein raud tråd. Fiskeutstyr som agn og line, kjem frå Nordic Marine, medan Vest Økonomisenter tek seg av rekneskap og Westmek tek seg av skipsreparasjonar.

Vestkapp Handel er Joker-butikken på Leikanger, der reiarlaget også er mellom dei største kundane. Og fiskerikonsernet sjølv vil naturleg nok ha god nytte av eit hotell til arbeidarar og gjestar.

nettnohalf

– Det einaste vi manglar er ein slipp og eit fiskemottak, så er det komplett, seier Severin Ervik, men rekk å påpeike at det ikkje finst konkrete planar før faren kjem inn. Stig Ervik stadfestar at dei har snakka både det og anna, men tvilar på at det er økonomi i foredling lokalt:

– Om det skal vere fiskemottak eller fryseterminal kan vi sikkert diskutere, men vi bør tenke moglegheiter for å losse her. Vi ser stadig at det er problem med å finne losseplass. Det er ikkje noko vi gjer i morgon, men kanskje til neste år, seier han - og lar det skine gjennom at det er meir enn laust prat.

Les også: Sal sikrar kvoter til nybygga

– Kan like gjerne bygge noko her
Medan Kjell Magne er oppteken med å følgje opp dei to nya båtane i Tyrkia, får Stig oppgåva med å representere den eldre generasjonen. Han håpar dei unge vil helde fram med å legge att verdiar på land.

– At kvar generasjon skal bygge eit hotell, er det ikkje meining i, men vi skal fortsette med å støtte opp om lokalsamfunnet. Vi sponsar også idrettslaget og surfing i skulen, fortel han.

Stig ser at det kunne ha vore meir lønnsamt å investere i eigedom i Ålesund eller andre stader i landet.

– Vi trivst med det vi driv med, og ser at vi kan like gjerne bygge noko her, som andre plassar, seier han – før han «avslører» kvifor dei eigentleg bygde hotellet :

– Det var jo fordi vi blei nekta alle andre stader. Difor måtte vi ha vårt eige, seier han til ny latter kring bordet.

Første steg i generasjonsskifte
I løpet av hausten har Ervik Havfiske gjennomført første steg av generasjonsskiftet ved at Stig og Kjell Magne Ervik har fordelt eigarskapen i holdingselskapet til kvar sine selskap. Å selje er ikkje aktuelt.

nettnohalf

– Mange av mine jamnaldringar som starta med båt på 1980-talet, har selt seg ut fordi dei såg det var pengar å hente, men det går ikkje for oss. Vi har fått eit samfunnsansvar og kan ikkje selje, seier Stig.

Han trur ikkje andre eigarar ville ha vore lenge på Stadlandet om dei hadde selt unna. Difor har dei planlagd vidareføringa godt. I løpet av 2020 står steg nummer to i generasjonsskifte for tur, med å innlemme neste generasjon som eigarar.

– Vi er råda til å gjere det slik for at det skal vere ryddig, også av nokre som har bomma med organisering av generasjonsskifte. Eg er ikkje i tvil om at det vi gjer er rett, seier han.

Les også: Generasjonsskifte og hotellopning for Ervik

Byggfirma i vekst ferdig med nytt hotell

Aarvik sel seg ut av Ervik

– Skal dilte etter faren
Dei tette slektsbanda gir styrke og Stig forsikrar at det ikkje er snakk om å utelate nokon frå familietreff om det har vore bomtur på sjøen. Svigersonen Bjørnar Årvik stadfestar at det er sjeldan dei høyrer noko negativt.

nettnohalf

– Eg er kanskje mest streng med meg sjølve, og har høge forventingar, påpeiker Bjørnar.

I slekta finst det knapt ein gut som har valt å gjere noko heilt annleis, sjølv om karane påpeiker at det finst nokre systrer som tek utdanning i andre retningar. Stig og Kjell Magne sine soner har starta på sjøen i ung alder og «vist at dei kan faget», som Stig seier. No har fleire frå den yngre generasjonen gått over på land i nye funksjonar.

– Paul Inge her til dømes. Han skal dilte etter faren i 15 år for å lære alt han kan, seier Stig til meir latter.

Paul Inge heiter Hoddevik til etternamn og er sonen til dagleg leiar Jan Petter Hoddevik i Nordic Marine. Ved sidan av sitt Vebjørn – mellomste sonen til Stig – som no jobbar frå land med å følgje opp teknisk vedlikehald på båtane.

Yngstemann vil tilbake
I løpet av samtalen er også sonene til Kjell Magne kome til. Dei har køyrt til Otnheimsneset frå skuledagen i Måløy. Eldstemann Kent studerer til skipper, som er «det einaste» han kunne tenkje seg å jobbe med.

Yngstemann Jetmund svarar overraskande «ja» på spørsmålet om han studerer til noko «heilt anna». 18-åringen går på vidaregåande og har planar om å studere økonomi i Bergen. Men så går ferda truleg tilbake til Stadlandet. Økonomikunnskap er det god bruk for i eit konsern i vekst.

– Eg trivast i området og har lyst til å bu her – og så lenge kontoret blir her, må jo eg vere her også.

Les også: Glede over ny designkontrakt

Rekordår for trålarar

Arnstein starta som omreisande fiskehandlar

Dette intervjuet stod også på trykk i NETT NO-magasinet 2019. Les heile magasinet her


At kvar generasjon skal bygge eit hotell, er det ikkje meining i, men vi skal fortsette med å støtte opp om lokalsamfunnet

Publisert: 14.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 02.10.2021 16:52

Mer om