Nytt
- Vi har ei god sak om vi saksøker staten
- Noko er galt når strippeklubbar får koronahjelp, men ikkje vi som driv symjeopplæring.
18.06.2020
Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg.
12. mars stengde anlegget ned, og vart ikkje opna gradvis att før 15. juni. Alle vart permitterte, med unntak av teknisk sjef.
- Vi kan ikkje stenge heilt ned eit slikt anlegg, og vi har uansett månadelege utgifter på rundt ein halv million kroner.
Men med nedstenginga forsvann også billettinntektene.
- Det er dette vi lever av, og frå 12. mars og til 15. juni var inntektene null.
- Grunnen til dette er at vi er eit såkalla ideelt foretak, sidan vi er eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, ideelle organisasjonar og næringsliv.
Sortehaug forventar at det vert funne ei løysing.
- Noko er galt når strippeklubben Blaze Go-go-bar får støtte og ikkje vi som driv symjeopplæring.
- Vi har tapt rundt 1,5 millionar kroner i billettinntekter, og dette burde vi fått dekt av staten, seier Sortehaug.
Han viser til at det er staten som har gitt dei tilsette yrkesforbod og stengt ned anlegget.
- Eg trur at vi juridisk ville hatt ei god sak om vi hadde saksøkt saken, men eg håper at vi slepp å ta denne saka så langt.
Sortehaug har fått signal frå kulturdepartementet om at det kan finnast ei løysing.
- Det går i tilfelle ut på at vi kjem inn under støtteordninga for frivillig idrett.
- Eigentleg eit kjempeår når ein veit at badeanlegget ved Ulstein Arena opna i fjor.
Etter å ha betalt renter og gjeld og tatt avskrivingar, vart resultatet før skatt minus 0,3 millionar.
Langsiktig gjeld er no på 38 millionar kroner, etter å ha vore rundt 60 millionar ved starten i 2015.
- Vi har hittil klart oss bra, men utan koronastøtte i år, har vi store utfordringar, seier Sortehaug.
Selskapet har negativ eigenkapital, men har fått avtale med Kommunalbanken om å betale berre renter i år, og forlenge nedbetalingstida frå 25 til 35 år.
Herøy kommune er hovedaksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Havila Holding og Olympic Eigedom eig 15,6 prosent kvar, medan Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening eig 7,1 prosent kvar.
12. mars stengde anlegget ned, og vart ikkje opna gradvis att før 15. juni. Alle vart permitterte, med unntak av teknisk sjef.
- Vi kan ikkje stenge heilt ned eit slikt anlegg, og vi har uansett månadelege utgifter på rundt ein halv million kroner.
Men med nedstenginga forsvann også billettinntektene.
- Det er dette vi lever av, og frå 12. mars og til 15. juni var inntektene null.
Ideelt foretak
Sunnmørsbadet har søkt staten om kompensasjon, men hittil fått nei.- Grunnen til dette er at vi er eit såkalla ideelt foretak, sidan vi er eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, ideelle organisasjonar og næringsliv.
Sortehaug forventar at det vert funne ei løysing.
- Noko er galt når strippeklubben Blaze Go-go-bar får støtte og ikkje vi som driv symjeopplæring.
Store billett-tap
Han viser også til at taxfreebutikkar får støtte, sjølv om dei er utanlandsk eigde.- Vi har tapt rundt 1,5 millionar kroner i billettinntekter, og dette burde vi fått dekt av staten, seier Sortehaug.
Han viser til at det er staten som har gitt dei tilsette yrkesforbod og stengt ned anlegget.
- Eg trur at vi juridisk ville hatt ei god sak om vi hadde saksøkt saken, men eg håper at vi slepp å ta denne saka så langt.
Sortehaug har fått signal frå kulturdepartementet om at det kan finnast ei løysing.
- Det går i tilfelle ut på at vi kjem inn under støtteordninga for frivillig idrett.
- Eit kjempeår
Sunnmørsbadet hadde eit bra år i fjor, med omsetning på 12,5 millionar kroner, opp frå 11,2 millionar året før.- Eigentleg eit kjempeår når ein veit at badeanlegget ved Ulstein Arena opna i fjor.
Etter å ha betalt renter og gjeld og tatt avskrivingar, vart resultatet før skatt minus 0,3 millionar.
Langsiktig gjeld er no på 38 millionar kroner, etter å ha vore rundt 60 millionar ved starten i 2015.
- Vi har hittil klart oss bra, men utan koronastøtte i år, har vi store utfordringar, seier Sortehaug.
Selskapet har negativ eigenkapital, men har fått avtale med Kommunalbanken om å betale berre renter i år, og forlenge nedbetalingstida frå 25 til 35 år.
Herøy kommune er hovedaksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Havila Holding og Olympic Eigedom eig 15,6 prosent kvar, medan Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening eig 7,1 prosent kvar.
Noko er galt når strippeklubben Blaze Go-go-bar får støtte og ikkje vi som driv symjeopplæring
Publisert: 18.06.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58