Vi har ikkje vore flinke nok
RAUDE TAL: Stopp i seifisket er reiarlaget si forklaring på at drifta av Stålegg gjekk i minus også i 2015.
Nytt

- Vi har ikkje vore flinke nok

For andre året på rad har drifta av kystfiskefartøyet Stålegg gitt negativt resultat for Beitveit Havfiske.

Administrator
14.04.2016
- Vi har ikkje vore flinke nok, og vi må bli betre om vi skal få det til å gå slik vi ønskjer.
Dette er Kenneth Beitveit si forklaring på at 2015 blei nok eit år med raude tal på drifta av det 25 år gamle kystfiskefartøyet.
Stålegg er eigd av Beitveit Havfiske på Kvamsøya i Sande kommune og driv med kystnot, trål og snurrevad etter torsk, hyse og sei. Båten kan levere både fersk, frosen og levandefanga fisk.

Selde sildekvotane

Dei seinare åra har Beitveit Havfiske kjøpt og selt både båtar og kvotar og var også inne i det pelagiske før sildekvotane blei selde. I staden kjøpte dei seg opp på torsk.
I dag har det 45 meter lange fartøyet ikkje andre fiskerettar enn på kvitfisk, og dette fiskeriet har dei enda ikkje fått skikkeleg sving på.
Selskapet leverte fine tal heilt fram til og med 2013. Det året gav drifta eit resultat på 18,8 millionar kroner, før det snudde til negative årsresultat både i 2014 og 2015.
Knapt 1,9 millionar kroner i minus i 2015 var likevel ei vesentleg forbetring frå året før då årsresultatet viste minus 5,6 millionar kroner.

Mindre sei enn forventa

Året 2015 er vårt første heile driftsår. På grunn av at seifisket blei stoppa av myndigheitene, vart inntektene litt mindre enn det vi hadde sett føre oss, heiter det i styret si melding for 2015.
Styret viser til at dei no har gjort nødvendige justeringar av drifta og har fått ein god start på 2016.

Alt er til sals

Beitveit avviser ikkje at sal igjen kan bli aktuelt, og seier at alt er til sals for ein god pris. Reiarlaget har imidlertid ikkje gått aktivt ut for å selje verken båt eller kvotar.
Han kan likevel stadfeste at det er kome eit bod på kvotane som kunne ha vore interessant om ikkje det var for alle atterhalda i forhold til strukturering og oppheving av fylkesbindingar.
Dette gjer at å snakke om sal i dag ikkje blir anna enn spekulasjonar, ifylgje Beitveit sjølv.
- Vi er på havet, og der skal vi vere, seier han.
Kenneth Beitveit eig 40,27 prosent av Beitveit Hvafiske. Resten er likt fordelt mellom Idar Beitveit og Ronny Beitveit.
Dette gjer at å snakke om sal i dag ikkje blir anna enn spekulasjonar

Publisert: 14.04.2016 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55