Romsdalsgondolen Åndalsnes
TURISME: Klar for ein hektisk turistsommar, her frå Romsdalsgondolen på Åndalsnes. Ved kai ligg Hurtigruten sitt skip Fram. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vi kjem til å gasse på med pengebruk i ferien

Nordmenn flest legg opp til eit nøkternt feriebudsjett i sommar. Likevel vil nok mange sjå at budsjettet har sprokke når hausten er her.

NPK
07.06.2021

(NPK-NTB – Helle Høiness): Vi førebur oss på sommarferie i eige land på nytt. I ei befolkningsundersøking om planane for ferien, seier eit gjennomsnitt av oss at vi planlegg å bruke 15.500 kroner i år. Det er langt meir enn i fjor, då anslo vi å bruke 13.400 kroner. Nordmenn har likevel ikkje henta fram dei store summane når dei har planlagt for i år. Samanliknar vi med åra før pandemien og restriksjonar, ligg vi i snitt 5.000 kroner under.

– Eg trur vi kjem til å gasse på med mykje meir enn vi seier, meiner forbrukarøkonom Silje Sandmæl i banken DNB som står bak undersøkinga om planane folk har om pengebruk til ferien.

Glaskula
Sandmæl viser til at mange nordmenn sette på bremsen i fjor. Mange frykta mellom anna for jobben. I år opnar fleire bransjar, og vi ser utelivet og kulturlivet komme i gang.

– Vi er i lysare tider, ikkje berre vêrmessig, men også økonomisk. Samtidig skal vi ha ferie i Noreg. Men skal du ha det som på ein ferie i utlandet, med hotell, ete ute og masse aktivitetar, blir det dyrare enn planlagt.

Pengebruken har allereie starta med ein smell saman med gjenopninga. Mykje taler for at vi fort finn tilbake til dei gamle forbruksvanane, sjølv dei av oss som har halde stramme budsjett i over eit år.

– Vi vil kose oss og ta igjen det tapte, seier forbrukarøkonomien.

– Skal eg sjå i glaskula, så trur eg at viss gjenopninga held fram, vil pengebruken bli langt høgare enn dei 15.500 kronene som nordmenn i undersøking i år seier dei har planlagt.

Viss ein ser tilbake på svara i tidlegare år, sa vi til dømes i 2018 at vi planla å bruke 22.000 kroner på ferien. I åra 2015 og 2014 vart det planlagt å bruke høvesvis 21.400 kroner og 20.900 kroner i feriebudsjettet.

Ein kan låne i fleire veker. Dermed treng ikkje økonomien stoppe opplevingane du kan gjere med barna i sommar
Silje Sandmæl

Slå seg laus
Unge vaksne, mellom 18 og 23 år, er blant dei som planlegg å bruke mest pengar på ferien denne sommaren. Sjølv om mange av dei seier dei enno ikkje veit kva dei skal gjere i ferien.

Dei vil òg bruke feriepengane på rekningar, men er samtidig den gruppa som vil bruke mest på utstyr, fritidsaktivitetar og fornøyelsar.

– Den yngste gruppa har følt seg veldig isolert gjennom året. Det kan handle om at ein har lyst til å slå på stortromma og ta igjen det tapte når ein endeleg skal ha ferie.

På lista står det mykje fritidsutstyr som kan brukast til å fylle sommaren med aktivitet. Det er ting som kajakk, tursko, sykkel og talt.

Utstyr er dyrt, og til familiar med barn tipsar Silje Sandmæl i DNB om nettsida bua.io der unge og barn kan låne fritidsutstyr gratis. Bua-stader finst i heile landet. Den same tenesta finst òg i fleire kommunar rundt om. Her er det til dømes syklar og padlebrett eller alt ein treng til ein fjelltur, som sko, telt, sovepose og underlag.

– Ein kan låne i fleire veker. Dermed treng ikkje økonomien stoppe opplevingane du kan gjere med barna i sommar, seier forbrukarøkonomen.

Publisert: 07.06.2021 07:57

Sist oppdatert: 07.06.2021 08:41

Mer om