Vi maa alle slutte med aa inngaa tapskontrakter
OFFSHORENEDTUR: Håvard Ulstein er kritisk til at offshorereiarar inngår kontrakter der ein går med tap. Dette er korttenkt og ikkje berekraftig, seier Ulstein som meiner at offshorereiarane sjølve har ein stor del av ansvaret for nedturen.
Nytt

- Vi må alle slutte med å inngå tapskontrakter

Håvard Ulstein meiner at offshorereiarane sjølve må ta hovudskulda for dei elendige tidene. Han åtvarar mot følgjene av å inngå spotkontrakter som reiarane taper pengar på.

03.11.2015
- Hovudproblemet er at det er altfor mange skip til altfor få oppdrag, men dagens elendige spotrater burde det vere mogleg å gjere noko med.
- Å presse ratene stadig nedover er kortsiktig tenkt og ikkje berekraftig i lengda.
Måndag la Island Offshore ROV-støtteskipet Island Spirit i vinteropplag. Dermed har selskapet tre skip i vinteropplag, skip som skal ut att til våren. I tillegg har Ulstein-selskapet tre andre skip i langvarig opplag.
80 av sjøfolka er hittil permitterte. Det vert fleire.

Finn trøyst i historia

Håvard Ulstein legg ikkje skjul på at det er tøffe tider, og at han kvar dag må arbeide med å halde motivasjonen oppe, både hos seg sjølv og i resten av organisasjonen.
- Vi finn trøyst i at dette har skjedd før, og at næringa tidlegare har vist at ein klarer å kome seg gjennom nedturar.
- I tillegg brukar vi å seie her i selskapet at for kvar dag som går, er vi også ein dag nærare oppturen.

Langvarig nedtur

Han fryktar likevel at det vil vare ei god stund før det snur.
- Først må oljeselskapa få opp att aktiviteten, starte ny leiteboring og gjennomføre vedlikehaldsarbeid og prosjekt som no har vorte utsette.
- Ein auke i oljeprisen vil også hjelpe, men dette er ein treg materie, og det vil ta tid frå ein oljeprisauke fører til fleire oppdrag og høgare rater.

Rekordlave rater

Oktobertala frå skipsmeklaren Westshore viser at gjennomsnittleg spotrate for ankerhandterarar låg på 6.040 britiske pund, tilsvarande 78.000 kroner.
- Dette er ikkje berekraftig, seier Ulstein.
I oktober i fjor var snittprisen 350.000 kroner.
For PSV-ar låg gjennomsnittleg spotpris i oktober på 3.209 pund, tilsvarande 42.000 kroner.
I oktober for eitt år sidan var spotprisen 141.000 kroner og i 2013 oppe i heile 252.000 kroner.
- Svært mange kontrakter har siste tida vorte slutta med store tap for reiarane, seier Ulstein.

Dekkje utgifter, og litt til

Han seier at det ikkje er noko mål å kome raskt tilbake til dei høge spotratene med tilhøyrande utgiftsgalopp.
- Vi er alle prega av å ha vorte feite og kravstore i desse gode åra. Vi har alle godt av å kutte kostnader og å slanke oss litt.
- Men vi kan likevel ikkje fortsette med å presse prisane så langt ned at vi alle kjem i store økonomiske vanskar.
Han seier at Island Offshore har bestemt seg for ein minimumspris på dei ulike oppdraga, og er ikkje med på å dumpe ratene heilt til botn.
- Det ideelle i dagens situasjon hadde vore at ratene dekte mannskapskostnader og øvrige driftsutgifter. Det hadde heller ikkje skada om banken fekk litt.

Tyngande gjeld

Ulstein håpar at nedturen også vil føre til meir edruelegheit når det gjeld myndigheitskrav, mellom anna på kravdokumentasjon.
- Dette har tatt heilt overhand.

Ei rekkje offshorereiarlag slit med høge lån som snart forfell til betaling. Det gjeld også Island Offshore.
- Vi jobbar for å få til gode ordningar med bankane, seier Ulstein.

Rosar fagforeiningane

Han slit med å finne lyspunkt, men rosar dei tilsette og fagforeiningane.
- Vi har felles forståing av situasjonen, og prøvar i fellesskap å avgrense skadeverknadene mest muleg. Dette hjelper på.
Hittil har Island Offshore unngått oppseiingar, mellom anna ved at dei tilsette kollektivt har gått ned i arbeidstid og løn.
Les her:
- Å hindre oppseiingar har vi som mål også vidare framover, men vert nokre av dei større spesialskipa lagde i opplag også neste vinter, har vi overstige antal veker på 30 ein kan vere permittert. Dette er noko som myndigheitene bør endre, seier Ulstein.
Berre på Sunnmøre står 275 i fare for å verte oppsagt dei næraste månadene på grunn av dagens permitteringsreglar, skriv.

Vil halde på kompetansen

Ulstein avviser at det kan vere aktuelt å sjå seg om etter billegare utanlandske sjøfolk på spesialskipa.
- Nei, noko av det viktgaste er å behalde den norske kompetansen gjennom krisen.
- I tillegg er det også slik at kundane etterlyser høg kompetanse på oppdrag dei store spesialskipa skal utføre. Dette er også mannskap som har tatt ei rekkje kurs, og som vi vil ha stort behov for når oppturen først kjem.
Vi er alle prega av å ha vorte feite og kravstore i desse gode åra. Vi har alle godt av å kutte kostnader og å slanke oss litt

Publisert: 03.11.2015 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48