Olympic Notos vart levert frå Ulstein Verft så seint som i fjor. No kjem det tilbake til verftet for ombygging.
Fartøyet er bygd som eit konstruksjon- og serviceskip for vindkraftbransjen til havs og har vore i full drift sidan det vart levert.
Det kan også nyttast til av olje- og gassbransjen og i mai i år offentleggjorde Olympic ein minst fem år lang kontrakt med Aker BP om utleige av Olympic Notos. Ombygginga er knytt til å tilpasse skipet til den kontrakten.
Klart våren 2026
Skipet skal brukast som walk-to-work (W2W)-fartøy for Aker BP si ubemanna produksjonsplattform Munin i Yggdrasil-området. I tillegg skal det støtte Valhall PWP-Fenris-prosjektet i ein periode i 2026, under oppkoblingsfasen av den ubemanna Fenris-installasjonen
– Den omfattande ombygginga er alt i gang, med designarbeid frå Ulstein Design & Solutions. Ulstein Verft vil gjennom hausten prefabrikkere delar som skal nyttast i prosjektet. Sjølve ombygginga vil finne stad på nyåret 2026, og skipet skal vere klart for oppdrag offshore våren 2026, seier områdesalssjef ettermarknad Marita Myrvågnes i Ulstein Verft i ei pressemelding.
Pressemeldinga opplyser ikkje kva Ulstein Verft får betalt, men verftet skriv i pressemeldinga at oppdraget "gir mykje arbeid til Ulstein".
Energieffektivt
Olympic Notos og søsterskipet Olympic Boreas er bygd på Ulstein Verft med UIstein sitt Twin-stern-design, med baugform i begge endar. Det gjer skipa lettare å manøvrere og halde i ro i krevande vêr og bølger.
Dei er og bygd for å reduserer kor mykje drivstoff som trengst. Testar av Olympic Boreas viste halvert drivstoff-forbrukk under operasjonar der skipet skal ligge i ro.
Les også
Venta oppsving kom ikkje for Ulstein Design & Solutions i fjor.
Resultata for dei nye Olympic-skipa overraska sjølv skipsbyggjarane.
Publisert: 28.07.2025 08:24
Sist oppdatert: 28.07.2025 08:50






