Slektsgarden ber frukt
PAR I EPLE: Hildegunn Knardal og Per Arne Riksheim i produksjonslokala dei har etablert i den tidlegare verkstaden på garden. Dei opplever høg etterspurnad og eit klima som gir tru på vekst. 
Nytt

Slektsgarden ber frukt

Hildegunn Knardal visste ikkje heilt korleis ho skulle nytte den tidlegare verkstaden på familiegarden. No lagar dei tonnevis med økologiske eple og bær – og etterspurnaden er høg. 

Marius Rosbach
22.12.2019
Ho er eigentleg sosionom og han skipsdesignar. Saman har Hildgunn Knardal og Per Arne Riksheim likevel stabla på beina den veksande fruktbedrifta Knardal Økologiske Gard på Rovde. I år håpar dei å hauste kring femten tonn eple av tre ulike slag. Mellom anna. For det er ein mangslungen verksemd som varierer etter sesongen.
– Eg er oppteken av miljø og natur, og av reine produkt. Eg vil bruke dei ressursane vi har - og ta vare på jorda, rett og slett, seier Hildegunn om kvifor ho valde noko nytt etter 20 år på ein kontorstol.

Pressa til jus, sider og brennevin

Sjølv om frukt og bærsatsinga i første rekke er Hildegunn sitt prosjekt, utfyller ho og mannen kvarandre. Han tek seg av det tekniske, og det er godt med to ekstra hender til å ta i eit tak ved høve. I tillegg hjelper dei tre barna til.

– Vi pressar jus av eple og lagar saft av pressa bringebær, resten sel vi til andre som produserer sider, saft og sylte og brennevin, fortel Hildegunn.
Dagen før fruktbøndene tek i mot NETT NO har dei pressa halvparten av ein stor dunk med eple på tre timar.
– Alle eple som er andresortering, og som det er feil på, blir pressa, fortel Per Arne.
Dei har også forsøkt seg med bringebærbrus - som har vore veldig populært før jul. Men for å ha større produksjon av brus, må dei gjere investeringar. Førebels er det nok anna å henge fingrane i ved garden.
– Når vi lagar drikke sjølv er det framleis småskalaproduksjon. Vi har forsøkt oss fram, for å finne ut kva vi skal satse på, fortel Hildegunn.

Fleire saker frå NETT NO-magasinet:




Stjernekokk frå London:


Sytten dekar frukthagar

Hildegunn vaks opp på garden då det var mjølkekyr. Produksjonslokale der dei no pressar og lagrar frukta, blei tidlegare nytta som verkstad og gardskontor:

– Eg visste ikkje heilt kva er skulle gjere med bygget, fortel ho.
Ei analyse av garden viste at frukt og bær kunne vere ein god ide. For tre år sidan tok ho valet om å forsøke med eple, plommer, bringebær og litt solbær. Dei har investert kring to millionar i lokalar og utstyr, og ein dryg million i tre og planter. Noko er frå eige lomme, men dei har også støtte frå Innovasjon Norge og Vanylven Utvikling
– I starten må du prøve og feile litt, og sjå kva som fungerer. Ein må bruke nokre år for å sjå kva som passar til klimaet, men også kva du får selt, seier ho.

Eple hovudsatsing

No startar det å bli sving på produksjonen, sjølv om dei fekk eit tilbakeslag med bringebæra. For eitt år sidan var dei truleg størst i landet på økologiske bringebær, men i år har sjukdom og vind teke knekken på mykje av avlinga.

– Eg må finne eit betre område til dei, så får vi sjå, seier Hildegunn.
Etter at epletrea har fått eitt år på seg til å bli skikkelege «fruktprodusentar», blir dei hovudsatsinga framover.
– Det har vorte mykje meir i år, enn i fjor, og det er ei større utfordring med å selje etterkvart. Men i fjor var alt ute til jul, og det håpar vi på i år også, fortel ho.

Naturforholda gjer smaken

Hildegunn fortel at naturforholda ligg godt til rette med forholdsvis kalde vintrar, men likevel lite frost - og kalde og reine vatn i nærleiken. Den lyse sommaren med varm dagtemperatur og kaldare netter, gir langsam modning. Slik får frukta ein meir intens smak.
– Vi ser at eple passar veldig godt her, og dei får den søte og gode smaken, fortel ho.
Samspelet mellom jordsmonn, hardfør genetikk og forholdsvis kaldt klima, gir også bær med mykje fruktsyre og sukker. Det gjer dei søte, samtidig som dei har ein fast struktur.

Moderne lokale

Golvet i produksjonslokala er måla knall raudt. Dei moderne lokala er romslege med kasselager i høgda, kontor og rom for oppbevaring av ferdige varer, i tillegg til frys- og kjølelager.

– Her har vi eplepresse og her ei presse som er best til bær, medan vi brukar denne til å pasteurisere, fortel Hildegunn og viser rundt.
Før oppstarten trudde dei at det skulle vere enkelt å få selt det dei laga. Men det næraste fruktlageret tok ikkje i mot økologisk frukt. Dermed måtte dei til Vik i Sogn. Det blei dyrare enn dei hadde sett føre seg.

Tener mest på lokalsal

No har dei fått god erfaring med å selje lokalt, både gjennom Bazeat - som jobbar for å distribuere mat lokalt via salspunkt og ein mobilapp - og Reko-ringen i Ålesund. Kiloprisen er gjerne meir enn det doble av det dei store kjedene betalar. I tillegg driv dei sal frå garden sommarstid.
– Vi har meir igjen for å selje slik, og det har gått veldig bra. På Bazeat sitt punkt i Volda kjem folk dagleg for å kjøpe mat frå lokale bønder. Alle tidlegepla våre er selt og no skal vi starte på discoveryepla, før det er aromaeple fram mot jul, fortel ho.

Fleire saker frå NETT NO-magasinet:





Få produsentar i området

Ein variert kvardag og moglegheita til å jobbe ute i friluft er mellom dei største fordelane ho trekk fram med den nye jobben. Samtidig er dei avhengige av veret, og har allereie fått kjenne på vassmangel, og vind og frost. Ho er spent på kva klimaendringar med meir ekstremt ver kan føre til.

– Det var spennande å sjå korleis det går, men det ligg godt til rette og eg forstår eigentleg ikkje kvifor ikkje fleire driv med dette, seier ho.
Dei næraste gardene som driv som frukt- og bærprodusentar, ligg i Nordfjord og Valldal. Difor har det vore lite lokal erfaring å støtte seg til. Ho blei sjølv åtvara om at Rovde kunne vere for langt nord, men påpeiker at ting har endra seg.
– Med eit klima i endring har det vorte varmare på desse kantar dei siste åra. Det merkar vi veldig godt når det gjeld fruktdyrking, seier ho.
For ei som ser over snittet oppteken av miljøet, er det paradoksalt at klimaendringar slik sett gir ho betre sjansar til å lukkas: – Slik er det, men det er også meir stormar og vind.

Grisehald og omsorgstilbod

Inntekta er framleis ikkje nok til å gi ei skikkeleg årsinntekt, men ved eit anna gardstun i bygda - Tynnaknuten – driv Hildegunn også eit lågterskeltilbod for folk med rusvanskar tre dagar i veka.
Om vintrane medan «plantene kviler», som ho seier, har ho no mesteparten av jobben på Tynnaknuten. Sommar og haust er det fullt køyr med frukt og bær.
På Tynnaknuten hadde dei også 37 sokalla ullgrisar gåande i fjor – ei delikatesse som restaurantar og matprodusentar gjerne vil ha. Alle blei selt unna, men det var mykje jobb med å fjerne ullen før dei kunne bli sendt til slakting. Dei har ikkje gitt opp grisehaldet, men vurderer ein anna type for framtida.
– Og grisane får god smak i kjøtet av å bli fora på eple og bær, påpeiker Hildegunn.

Fleire saker frå NETT NO-magasinet:



Ny generasjon i Ervik-konsernet:



Eg forstår eigentleg ikkje kvifor ikkje fleire driv med dette

Publisert: 22.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48