Bustyrar Anders Svinø stadfestar at det blir arbeidd for sikre fortsatt drift i lokala til det tidlegare Hjellegjerdekonsernet i Sykkylven. Han kan ikkje seie noko om når det eventuelt kjem ei avklaring på om arbeidet lukkast.
Furnia og Ra-Jo Møbler, som gjekk konkurs tysdag 22. juli, hadde tilsaman 17 tilsette.
Selskapet er eigd av møbelinvestorane Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, og sto ved konkursen som eineeigar i Ra-Jo Møbler, majoritetseigar i Sandvik Møbler og eineeigar i Vest Møbel.
Selskapa var samla under same tak, som leigetakarar i ein del av bygget som tidlegare husa møbelkonsernet Hjellegjerde i Sykkylven.
Sandvik hamna i Furnia-systemet og den produksjonen som var att blei flytta frå Ørsta til Sykkylven.
Truleg vil det bli forsøkt å drive vidare med i alle fall ein del av dei som no blir oppsagde i samband med konkursen.
I følgje Svinø har banken eit krav på rundt tre millionar kroner mot dei to selskapa.
Furnia og Ra-Jo Møbler, som gjekk konkurs tysdag 22. juli, hadde tilsaman 17 tilsette.
Samla seg i Sykkylven
Furnia blei etablert som Vest Møbelimport i i 2006, men skifta namn til Furnia i 2012.Selskapet er eigd av møbelinvestorane Gunnar Sandnes og Bjørn Våtmyr, og sto ved konkursen som eineeigar i Ra-Jo Møbler, majoritetseigar i Sandvik Møbler og eineeigar i Vest Møbel.
Selskapa var samla under same tak, som leigetakarar i ein del av bygget som tidlegare husa møbelkonsernet Hjellegjerde i Sykkylven.
Slutt med furubølgja
Sandvik var tidlegare ein av dei fire store furumøbelprodusentane i Noreg, men fekk store vanskar då furumoten ebba ut.Sandvik hamna i Furnia-systemet og den produksjonen som var att blei flytta frå Ørsta til Sykkylven.
Ingen kommentar
NETT NO har ikkje lukkast i å få nokon kommenter frå leiinga i Furnia-systemet.Truleg vil det bli forsøkt å drive vidare med i alle fall ein del av dei som no blir oppsagde i samband med konkursen.
Skuldar tre millionar kroner
Sparebanken Møre er største kreditor i dei to konkursbua. Det var banken som utløyste konkursen, ved å seie opp engasjementet etter at selskapa hadde slite med likviditeten i lang tid.I følgje Svinø har banken eit krav på rundt tre millionar kroner mot dei to selskapa.
Publisert: 25.07.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:35






