Kravet frå Maritimt Forum Nordvest kom same dag som Statoil varsla at selskapet vil (cirka 30 milliardar kroner) i åra 2014-2016, i høve til tidlegare investeringsbudsjett.
Høge kostnader og ein oljepris ned mot 100 dollar fatet gjer oljeselskapa meir forsiktige.
Samanfallet var nok tilfeldig, men svekka neppa bodskapen i meldinga frå Maritimt Forum Nordvest til olje- og energiministeren, som mellom anna besøkte Rolls-Royce Marine og Kleven Maritime fredag.
Oljestatsråden frå Framstegspartiet fekk høyre at det er særnorske krav til riggane og kostbare arbeidstidsordningar som gjer at kostnadene fyk i veret på norsk side.
- Her er kostnader som vi ikkje lenger har råd til, og som må setjast på den politiske agenda, seier Ingjerd.
- Og då meiner maritim bransje at 2:4-ordninga må endrast?
- Ja, seier Ingjerd.
Han understrekar at styremakter, arbeidsgjevarar og arbeidstakarar må samarbeide for redusere kostnader, og slik at det ikkje reduserer tryggleiken.
- Vi veit ikkje kvar kutta vil komme, men vi følgjer nøye med. Vi ønskjer stabil takt, og olje- og energiministeren sa at det skal vere god aktivitet på norsk sokkel framover, seier Bonnevie Wollebæk.
- Regjeringa har også varsla at dei vil bruke midlar på innovasjon. Nordsjøen er eit laboratorium for utstyret vårt og vert først prøvd ut der, seier ho.
- Så dersom produksjonen går ned, kan det bli brukt meir midlar til innovasjon?
- Ja, vi håper at regjeringa vil tenke i dei baner, seier Bonnevie Wollebæk.
Ho har også merka seg finansminister Siv Jensen (Frp) varslar at regjeringa no opprettar eit utval som skal sjå på gapet mellom lønskostnader og produksjon.
Høge kostnader og ein oljepris ned mot 100 dollar fatet gjer oljeselskapa meir forsiktige.
Samanfallet var nok tilfeldig, men svekka neppa bodskapen i meldinga frå Maritimt Forum Nordvest til olje- og energiministeren, som mellom anna besøkte Rolls-Royce Marine og Kleven Maritime fredag.
40 prosent dyrare
- I dag er det 40 prosent dyrare å gjere same operasjon på norsk sokkel som på britisk sokkel, seier Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Martimt Forum Nordvest, interesseorganisasjon for reiarlag, verft og leverandørar, svært mange avhengig av aktiviteten i Nordsjøen.Oljestatsråden frå Framstegspartiet fekk høyre at det er særnorske krav til riggane og kostbare arbeidstidsordningar som gjer at kostnadene fyk i veret på norsk side.
Trygt, og billegare
- Vi meiner det er fullt mogleg å ha eit mindre kostnadskrevjande regelverk og samtidig ha like god tryggleik som i dag. Norge bør harmonisere sine krav til riggar, spesielt HMS-krav, med Storbritannia og andre land rundt Nordsjøen, seier Ingjerd.Kostbar turnus
Dei maritime bedriftene peika også på den særnorske arbeidstidsordninga på riggane, som fører til høge kostnader for oljeselskapa.- Her er kostnader som vi ikkje lenger har råd til, og som må setjast på den politiske agenda, seier Ingjerd.
- Og då meiner maritim bransje at 2:4-ordninga må endrast?
- Ja, seier Ingjerd.
Han understrekar at styremakter, arbeidsgjevarar og arbeidstakarar må samarbeide for redusere kostnader, og slik at det ikkje reduserer tryggleiken.
Kutt og spareplanar
Han seier at Statoils investeringskutt og spareplanar syner alvoret. har tidlegare fått melding om at Statoil rasjonaliserer for å spare, noko lokale leverandørar vil merke.Følgjer nøye med
Rolls-Royce Marine er ein stor leverandør til offshore-aktiviteten i Nordsjøen. Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk seier at det er for tidleg å seie korleis Statoils investeringskutt for slå ut for selskapet.- Vi veit ikkje kvar kutta vil komme, men vi følgjer nøye med. Vi ønskjer stabil takt, og olje- og energiministeren sa at det skal vere god aktivitet på norsk sokkel framover, seier Bonnevie Wollebæk.
Meir innovasjon
- Regjeringa har også varsla at dei vil bruke midlar på innovasjon. Nordsjøen er eit laboratorium for utstyret vårt og vert først prøvd ut der, seier ho.
- Så dersom produksjonen går ned, kan det bli brukt meir midlar til innovasjon?
- Ja, vi håper at regjeringa vil tenke i dei baner, seier Bonnevie Wollebæk.
Ho har også merka seg finansminister Siv Jensen (Frp) varslar at regjeringa no opprettar eit utval som skal sjå på gapet mellom lønskostnader og produksjon.
I dag er det 40 prosent dyrare å gjere same operasjon på norsk sokkel som på britisk sokkel
Publisert: 07.02.2014 18:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31