Odfjell oceanwind
HAVVIND: No kan også Draugen-feltet verte forsynt med straum frå offshore vind. Skisse: Odfjell Oceanwind
Nytt

Vil forsyne Draugen med havvind

Draugen-feltet kan verte neste felt som skal elektrifiserast gjennom offshore vind.

29.10.2021

No har selskapa Odfjell Oceanwind, Okea og Trønder Energi gått saman om å utgreie mulegheitene til å utvikle ein flytande havvindpark og knyte denne på Draugen-feltet.

Dette skriv Offshorewind fredag.

I tillegg til å forsyne Draugen, skal Odfjell Oceanwind også undersøke om vindparken kan brukast for lagring for selskapet sine mobile offshoreløysingar som skal produsere fornybar energi til 'off-grid'-system.

Miljøkonsekvensar
Dei tre samarbeidande selskapa skal blant anna utgreie miljømessige konsekvensar før ein går vidare med planane.

Shell var operatør på Draugen-feltet i Nordsjøen fram til 2018, då Okea overtok.

Frå før har Equinor omfattande planar for elektrifisering av fleire av sine olje- og gassinstallasjonar.

Publisert: 29.10.2021 14:55

Sist oppdatert: 29.10.2021 15:17

Mer om