Farland montasje svein leon aure foto marius 11
ÅLESUND: Svein Leon Aure meiner at Norge og Nordvestlandet kan få verdsleiande posisjon innan offshore vind. PSV-en Farland er no levert tilbake til eigaren Ulstein. Foto: Marius Rosbach
Nytt

- Nordvestlandet kan bli verdsleiande i offshore vind

Leverer tilbake PSV-en Farland til Ulstein og reindyrkar satsinga på fornybar energi.

04.10.2021

- Det har vore 18 månader med tungt arbeid, med oljepriskollaps, pandemi og ein elendig marknad for offshorefartøy. No kan vi endeleg sjå framover.

- Framtida er fornybar, og Norge og Nordvestlandet har store mulegheiter til å bli verdsleiande innanfor offshore vind.

Det seier dagleg leiar Sverre Leon Aure i det nystarta Ålesund-selskapet Norwind Offshore.

Les meir om saka:

Leverer tilbake skip
Aure er tidlegare kommersiell direktør hos Farstad-reiarlaget i Ålesund, eit reiarlag som vart slukt av Solstad. I juni 2019 overtok han som direktør i selskapet Sverre Farstad & co, då Sverre A. Farstad gjorde comeback i offshore. Han fekk inn Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk på eigarsida, bygde opp ein ny organisasjon og leigde inn den Ulstein-bygde PSV-en Farland under ein finansiell leasingavtale.

Men det nye reiarlaget sleit økonomisk, og har no levert tilbake Farland til Ulstein. Skipet ligg no i Ulsteinvik.

- Vi såg at olje og gass ikkje var framtida, seier Aure.

Byggjer på dagens Farstad-selskap
Det nye selskapet skal byggje på staben som i dag er i selskapet Sverre Farstad & co, som held til i dei gamle Farstad-lokala på St. Olavs-plass i Ålesund.

- Vi skal byggje vidare på det vi har bygt opp her, seier Aure.

Stor satsing
I første omgang skal det byggjast tre skip hos Vard for 1,4 milliardar kroner, der to er nybygg og eitt skip vert ein ombygd PSV.

Aure seier at ein ikkje har kontraktar på skipa, men trur ikkje det vert eit problem.

- Vi trur dette er svært attraktive skip.

Han seier at eigarane har lagt betydelege summar i satsinga.

- Ja, dette er ei stor satsing frå tre familier.

Fleire Vard-kontraktar
Fleire andre offshoreselskap på Nordvestlandet satsar no stort på offshore vind.

Blant dei er Rem Offshore, som til liks med Norwind Offshore har bestilt havvindskip hos Vard.

Rem-kontrakten er på to 85 meter lange spesialskip for offshore vind, med opsjon på ytterlegare to skip.

Skroga skal byggjast i Romania og Vietnam, men utrustning og ferdiggjering skal utførast av Vard på Sunnmøre. Dette er også opplegget for dei to nybygga til Norwind Offshore, medan det første skipet vert ein ombygd PSV.

Vard er dermed i ferd med å få ein sentral posisjon i bygginga av offshore vindfartøy, med utgangspunkt i lokale reiarar.

Dette er ei stor satsing frå tre familier
Sverre Leon Aure

Ålesund-familier
I tillegg til Sverre Anders Farstad og Sverre Olav Farstad, er Eivind Volstad og sonen Espen Volstad med på satsinga, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping.

Med på laget er også Kleven-familien gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven. Begge er barna til Bunker Oil-eier - og sjef, Jan Magnus Kleven.

Publisert: 04.10.2021 10:07

Sist oppdatert: 04.10.2021 17:28

Mer om