Med unntak av det nedbørsrike koronaåret i 2020 må vi tilbake til 2015 for å finne lågare prisnivå i NO3 – enn vi såg i 2025, skriv Sogn og Fjordane Energi (SFE) i den førebelse årsrapporten for 2025.
NO3 er det geografiske området SFE har storparten av produksjonen sin i.
Kraftproduksjonen selskapet hadde i fjor var ein av dei høgaste selskapet har hatt, men prisane vart svært låge, skriv SFE i rapporten.
Ei av årsaken til at selskapet auka lønsemda trass i prisnivået er evna til å produsere når straumen er best betalt:
- Det at vi har god reguleringsevne i magasina våre og fleksibiliteten dette gir, gav ei ekstra inntekt på 239 millionar i fjoråret. Mesteparten av anlegga våre har utløp direkte i sjø, og nettopp dette gir oss evna til å regulere produksjonen raskt opp og ned, seier konsernsjef Knut Arild Flatjord i ei pressemelding.
Aukar utbyttet
Etter 2024 betalte Sogn og Fjordane Energi ut 150 millionar kroner i utbytte til eigarane.
Etter 2025 foreslår selskapet å betale ut 162 millionar i utbytte.
Største aksjonær er Sogn og Fjordane Holding med 49,5 prosent av aksjane. Sogn og Fjordane Holding er i sin tur eigd av fleire kommunar i SFE sitt området -som ogås er direkte eigarar - og av Vestlandsfylkeskommune. Nest største eigar er Eviny (tidlegare BKK), med 36,8 prosent eigarandel.
Eviny har ønskt ei samanslåing, men fekk ikke resten av eigarane med på det. Trass i at Eviny har gitt klare signal om at alternativet til samanslåing var at Eviny gikk ut av selskapet har det per i dag ikkje skjedd noko endringar på eigarsida.
Store utbyggingar
I fjor kom SFE i gang med utbygging av Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger.
Med en anslått kostnad på 1,23 milliarder kroner er dette SFE si største investering nokon gang. Når anlegget står ferdig skal det auke produksjonen med 21 GWh årlig. Utbygginga vil nesten firedoble produksjonseffekten, til 110 MW.
Mot slutten av året skal selskapet ta stilling til eventuell utbygging av Bredvatn og Insteelvane kraftverk i Bremanger, som vil bidra med ytterlegare 100 GWh fornybar kraftproduksjon i regionen, skriv SFE i pressemeldinga.
| Sogn og Fjordane Energi as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1963,6 | 2015,1 |
| Driftsresultat | 659,4 | 519,0 |
| Resultat før skatt | 610,7 | 470,1 |
Publisert: 27.03.2026 10:53
Sist oppdatert: 27.03.2026 09:37






