Vil ha batteridrift Hareid-Ålesund
Fylkeskommunen legg hydrogenalternativet til sides, og satsar på batteridrivne hurtigbåtar mellom Hareid, Ålesund og Valderøya.
Når dei to hurtigbåtsambanda Møre og Romsdal har ansvaret for på Sunnmøre går ut 31. desember 2024 kan dagens dieseldrivne fartøy bli erstatta med hurtigbåtar med batteri.
Det går fram av ei pressemelding frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Deler samband
Målet til fylkeskommune er at hurtigbåtane som trafikkerer Langevåg-Ålesund og trekantsambandet Hareid-Valderøya-Ålesund, skal blir utsleppsfrie i neste anbodsperiode.
Medan Langevåg-Ålesund-sambandet er så kort at det er godt innenfor rekkevidda til ein båt som går på batteri, har trekantsambandet Hareid-Valderøya-Ålesund vore rekna for å vere for langt til at batteri er eit realistisk alternativt.
Ved å dele trekantsambandet i to, Hareid-Ålesund og Ålesund-Valderøya blir distansane og rutefrekvensen slik at batteridrift er mogleg. Det er konklusjonen i ei utgreiing fylkeskommune har fått gjort. Planen er at Hareid-Ålesund skal ha avgangar kvar time, Ålesund-Valderøya kvar halve time, som også Ålesund-Langevåg.
Hydrogen for dyrt og usikkert
Dersom dagens trekantsamband Hareid-Valderøya-Ålesund skal oppretthaldast også i den nye anbodsperioden må fartøya ha hydrogen som drivstoff, på grunn av distanse og rutefrekvens.
Problemet er at hydrogen er dyrare enn batteri, at det manglar infrastruktur for produksjon og distribusjon og at teknologiutviklinga når det gjeld bruk av hydrogen ikkje er kome like langt som for bruk av batteri.
- På bakgrunn av dette valte vi å jobbe vidare med mogelege løysingar for heilelektrifisering av begge rutene. Ein konsekvens av dette er at vi i arbeidet vidare måtte ta utgangspunkt i å splitte Hareidruta i to samband, seier prosjektleiar Marte Berild Hjelle i Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemeldinga.
Dyrare også med batteri
Til sjuande og sist er det fylkespolitikarane som skal avgjere kva alternativ som skal veljast.
Samferdselsutvalet i fylket blir orientert om utgreinga i morgon. Det er LMG Marin, SINTEF og Thema står for dei faglege vurderingane i utgreiinga.
Det kejm til å bli dyrare å legge om også til batteridrift, enn å drive hurtigbåtane med diesel som i dag.
Utrekningane som er gjort viser at ei omlegging til nullutslepp vil gi ei årleg kostnadsauke på mellom 7,7 og 10,7 mill. kroner over ein anbodsperiode på 10 år, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.
- Inkludert i dette er investeringskostnadar på fartøy, ladeløysing på kaiene og tilknyting til straumnettet, og driftskostnadar på drivstoff, vedlikehald og nettleige. I tillegg kjem kostnadar for å få fram nødvendig straumforsyning, utviding/tilpassing av kaiene. Erfaringa vår frå ferjesambanda er at desse kostnadane kan bli svært store. I mangel på realiserte løysingar å samanlikne med vil også alle estimat være usikre, noko som sannsynlegvis inneberer at den årlege kostnadsauken vil bli langt høgare enn anslått, seier Hjelle i pressemeldinga.
Publisert: 08.06.2021 09:36
Sist oppdatert: 08.06.2021 10:20