Vil ha betre likestilling i maritim næring
Regjeringa ønskjer å bidra til meir likestilling og auka inkludering i maritim næring.
Denne veka gjennomførte næringsminister Iselin Nybø eit innspelsmøte saman med næringa.
– Maritim næring er ei av våre viktigaste og mest innovative næringar. For å best mogleg vidareføre næringa si evne til verdiskaping og innovasjon, vil det vere sentralt at næringa klarer å rekruttere og utnytte talent frå heile arbeidsstyrken, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Ifølgje Nybø vil regjeringa vurdere korleis dei kan bidra til å auke mangfaldet av personar og kompetanse i næringa.
Legning og kulturell bakgrunn
Maritim næring har tradisjonelt vore mannsdominert. Kvinnedelen i maritim næring har blitt rekna ut til å liggje på om lag 16 prosent. Tal frå SSB utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet, viser at delen norske kvinnelege tilsette til sjøs i perioden 2016–2020 låg på kring 12 prosent.
Strategien regjeringa ønskjer å arbeide med, vil først og fremst omhandle kjønnslikestilling, men òg forhold knytt til legning, alder, kulturell bakgrunn, arbeidserfaring og utdanning, skriv dei i pressemeldinga.
Publisert: 10.08.2021 09:22
Sist oppdatert: 10.08.2021 09:31