Bjørnar Skjæran Å KP feb 2022 foto Ogne
KVOTEMELDING I ÅR: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran lovar større fart i arbeidet med ny kvotemelding enn den førre regjeringa hadde. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ha ny kvotemelding i år

Fiskeri- og havministeren vil legge fram ei ny stortingsmelding om fordeling av fiskekvotane innan 2022 er omme.

08.02.2022

- Vi har ein ambisjon om å kunne levere den til Stortinget i løpet av året. Eg kan ikkje garantere at eg klarer det, men det er framleis målet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til NETT NO.

Ap-statsråden besøkte tysdag Ålesund.

Regjeringa til Erna Solberg lukkast ikkje med å samle eit stortingsfleirtal bak ei større og samla omlegging av korleis fiskekvotane blir fordelt mellom ulike grupper av fiskarar.

Solberg-regjeringa hausta tildels sterk kritikk også frå fiskarhald for deler av sine framlegg, mellom anna for framlegget om inndra deler av fiskekvotane når fleire kvotar blir samla på færre båtar. Dei inndregne kvotane skulle administrerast av ein statleg kvotebank og delast ut til andre.

- Ren kommunistisk tankegang var karakteristikken frå fiskarlaget i Nordland fylke.

Kvotebanken vart droppa då framlegget kom opp til behandling i Stortingets næringskomite våren 2020, og vart samrøystest nedstemt i Stortinget.

Den førre regjeringa brukte store delar av sin åtte år lange regjeringsperiode på si kvotemelding

Den nye regjeringa skal ikkje bruke så lang tid, sa Bjørnar Selnes Skjæran til NETT NO i november 2021. Kor lang tid det er snakk om var han konkret på i dag, under eit besøk hos Åkp og klyngeorganisasjonane GCE Blue Maritime og NCE Legasea.

Målet er ei meir rettferdig fordeling av kvotane, fleire heileårsarbeidsplassar i kystsamfunna og utvikling av fiskeindustrien.

Innhaldet i kvotemeldinga og prosessen fram til den blir ferdig ville Skjæran ikkje gå ytterlegare inn på no, men i november 2021 sa han at utforminga av den nye kvotemeldinga skal skje i tett samarbeid med organisasjonane i næringa, og samle eit breitt fleirtal på Stortinget.

Trekte seg
Ap, SV og Senterpartiet sende torsdag 12. mars 2020 ut ei felles pressemelding om at dei trekte seg frå samtalane om ein felles fiskeripolitikk.

Cecilie Myrseth, som då var fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, sa til ABC Nyheter at «det vil være naturlig å ta opp igjen saker dersom det blir et nytt flertall», då ho blei intervjua i samband med pressemeldinga i mars.

Publisert: 08.02.2022 12:41

Sist oppdatert: 02.06.2022 12:12