Droppar kvotebanken
Tom-Christer Nilsen er medlem i Stortingets Næringskomite, og har vore saksordførar for behandlinga av regjeringas stortingsmelding om regelverket for fiskerikvotar.
Nytt

Droppar kvotebanken

- Vi lytta til næringa, var bodskapen frå regjeringspartia og Frp.

02.05.2020
Næringskomiteen har forkaste regjeringa sitt framlegg om innføre ein statleg fiskekvotebank.
- Vi lytta til næringa. Det var bodskapen både frå regjeringspartia og Frp då dei presenterte næringskomiteens innstilling til regjeringa sin melding om fiskerikvotane. Til saman har dei fleirtal på Stortinget.
Det viktigaste resultatet av lyttinga er at regjeringa sitt framlegg om å innføre ein statleg kvotebank er forkasta. I staden kjem ei forvaltningsavgift på 100 millionar kroner.

Fiskarar som har slått saman fleire kvotar må etter ein del år avgi ein del av kvoten som er flytta frå eitt farty til eit anna. Komiteen har bestemt at kvoten som må avgivast skal falle tilbake til fordeling mellom same gruppa fiskefarty. Det bevarer kvotefordelinga mellom dei ulike gruppene fiskefarty.

Massiv kritikk

Regjeringa ville inndra ein del av fiskekvotane når større kvotar blir samla på færre båtar, og leige kvotane ut til fiskarane.
Det forslaget har hausta massiv kritikk frå ei samla næring, som ser det som ei ekstra skattlegging av næringa og frykta at kvotebanken etterkvart skulle bli ein stor eigar av fiskekvotar.

Ikkje brei semje

Ap, SV og Senterpartiet sende torsdag 12. mars ut ei felles pressemelding om at dei trekkjer seg frå samtalane om ein felles fiskeripolitikk. Cecilie Myrseth, som er fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, sa til ABC Nyheter at «det vil være naturlig å ta opp igjen saker dersom det blir et nytt flertall», då ho blei intervjua i samband med pressemeldinga i mars.
Etter at riksrevisjonen kom med sin rapport om kvotesystemet for to dagar sidan, kravde Myrseth at behandlinga av meldinga skulle utsettast,

Fornøgd med utfallet

Administrerande direktør Audun Maråk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt er nøgd med utfallet av komitebehandlinga, og spesielt at kvotebanken er droppa og at fordelinga av fiskekvotar mellom ulike grupper farty ikkje blir endra.
- Det betyr at det blir vidareført det som har vore suksessfaktor nummer ein, nemleg stabilitet i kvotefordelinga, seier Maråk.

Publisert: 02.05.2020 16:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56