Bjørnar skjæran foto Yngve Angvik Nærings og fiskeridepartementet 11
MØTTE NÆRINGA: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap). Foto: Ynge Angvik/Nærings- og fiskeridepartementet
Nytt

Vil ha system mot kvinnetrakassering

Forslag frå Fiskarlaget.

27.10.2021

(NPK-NTB): Noregs Fiskarlag foreslår eit felles varslingssystem for å kjempe mot trakassering av kvinner i næringa.

– Det skal vere ein trygg varslingskanal. Så alle dei som har ei sak å melde, anten ho er stor eller lita, skal kjenne ein tryggleik frå dag éin at saka blir behandla på ein akseptabel måte, seier Fiskarlag-leiar Kjell Ingebrigtsen til NRK.

Onsdag hadde fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) kalla inn aktørane i næringa til eit møte om trakassering av kvinnelege fiskarar. Det var i det høvet Ingebrigtsen kom med forslaget.

Det har i haust komme fleire historier frå kvinnelege fiskarar, der dei beskriv kritikkverdige forhold som mobbing og seksuell trakassering.

– Det aller viktigaste er at dei som driv med trakassering, blir stoppa. At dei som har ansvaret tek det ansvaret. At alle dei skikkelege mannfolka som arbeider i denne næringa, både avstår frå trakassering, men også står opp for dei som blir ramma av det, seier fiskeriminister Skjæran, ifølgje NRK.

(©NPK)

Publisert: 27.10.2021 17:48

Sist oppdatert: 27.10.2021 18:00

Mer om