Vil ha regulering etter brotfiske ved Flemish Cap
LINE: Måløy-båten Atlantic fekk vel mykje selskap under årets fiske ved Flemish Cap. No vil ein ha reguleringar.
Nytt

Vil ha regulering etter brotfiske ved Flemish Cap

Dei har aldri opplevd maken til linefiske, men lønsemda vert liten for dei som i år fiska ved Flemish Cap utanfor New Foundland.

09.01.2015
- Ja, vi vil no foreslå at dette fisket vert regulert, slik at kvoten vert fordelt på færre båtar, seier ressursdirektør Jan Ivar Maråk ved Fiskebåt.
Dagleg leiar Kåre Furnes ved Atlantic-reiarlaget i Måløy er samd.
- Det tek åtte-ti dagar å gå til Flemish Cap. Då må det også vere slik at ein får fiske så mykje at turen løner seg, seier han.

Tok kvoten på ei veke

Årets norske kvote var på 1276 tonn torsk. Denne kvoten vart fiska opp på berre ei veke.
- Sjølv om vêret var dårleg, var det eit eventyrleg fiske. Dei som var med har ikkje opplevd maken, seier Furnes.

Trålar måtte snu

Atlantic har vore pioneren av linebåtar på dette fiskeriet. Første åra var båten åleine. I år kom i tillegg linebåten Loran frå Godøy og linebåtane Geir I og Geir II frå Grytastranda.
- Det er eit fritt fiske, så vi kan ikkje seie noko på at andre hiv seg på. Men med fire i sving, vert det lite å fiske på for alle, seier Furnes.
Han opplyser at også trålaren Vesttind var på veg mot feltet, men kom for seint til å delta i fiskeriet.
- Dette var over på ei veke, seier Furnes.

Vil fiske meir

Første åra leverte Atlantic fangsten i Canada.
- Vi gjekk fleire turar til lands med fangst.
I år vert det kan skje levering i Norge.
- Vi har berre fylt opp 20-30 prosent av båten. Vi satsar derfor på å kombinere dette fisket med fiske i EU-sona eller utanfor Grønland eller Færøyane.
- Vi får sjå, seier han.

Totalfangst på 20 millionar

Med ein snittpris på 25 kroner kiloen for spretta og hovudkappa torsk, utgjer fangstverdien rundt 20 millionar kroner, noko som utgjer fem millionar for kvar av dei fem båtane.
- Vi har tent godt på dette fiskeriet tidlegare, og vi forventa at andre melde seg på etter kvart. Men det viktige no er etter vårt syn å få til ei fornuftig regulering, seier Furnes.
Jan Ivar Maråk seier at administrasjonen i Fiskebåt kjem til å foreslå regulering for 2016, og så vert det opp til dei tillitsvalde å seie ja eller nei.
- Vi ser for oss eit system basert på loddtrekking år for år. Truleg vil vi gå inn for at to båtar for delta kvart år, om ikkje kvoten vert auka.

Uheldig å gå i jula

Han seier at det også er uheldig i ein situasjon med fritt fiske at fiskeriet startar 1. januar.
- I dagens situasjon fører dette til at båtane må gå i jula for å vere klare til 1. januar. Dette er også uheldig. Etter vårt syn vil det vere betre å starte rundt 10. januar, om fisket skal vere fritt.
Sjølv om vêret var dårleg, var det eit eventyrleg fiske

Publisert: 09.01.2015 14:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40