I gang med første byggesteg
1,8 milliardar kroner blir investert i det landbaserte oppdrettsanlegget ved Måløy.
På industriområdet i Barstadvika, mellom Måløy og Raudeberg, er bygginga i gang på første av tre byggesteg av eit landbasert lakseoppdrettsanlegg.
Målet er å sette ut den første fisken i fjerde kvartal i år og slakte i fjerde kvartal neste år. Når anlegget er heilt ferdig skal det kunne produsere 15.000 tonn i året og også omfatte eige slakteri og vidareforedlingsanlegg.
Sirkulerer vatnet
Anlegget blir bygd som eit såkalla RAS-anlegg. Det betyr at vatnet i anlegget skal resirkulerast og berre skiftast ut i små mengder om gangen. Fordelen er mellom anna at det er billegare å halde stabil temperatur i eit RAS-anlegg.
Ein av grunnane til at anlegget skal byggast i fleire steg er at selskapet vil bruke tid på å lære opp tilsette i teknologien som blir brukt.
Hentar pengar
Første byggesteg, som omfattar to bygg og tre tankar, kostar omlag 120 millionar kroner.
Det blir finansiert med tilsaman 58 millionar kroner i lån og tilskot frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest. 62 millionar er eigenkapital. 38 millionar av eigenkapitalen er på plass, og selskapet arbeider med å hente inn ytterlegare 24 millionar kroner i desse dagar, fortel styreleiar og medeigar Ronny Almenning.
Til andre byggesteg vil den samla investeringa kome opp i rundt 900 millionar kroner, og når anlegget er heilt ferdig vil det vere investert tilsaman 1,8 milliardar kroner i Barstadvika.
Lokale eigarar
Det er selskapet Ofs Norge i Måløy, med datterselskap, som er primus motor i utbygginga.
Ofs Norge eig Ofs Måløy, som eig konsesjonen til å drive oppdrett og er driftselskapet. Ofs Norge er også største eigar teknologiselskapet Ontec.
Ofs Norge har i dag 20 aksjonærar, med Ronny Almenning sitt selskap RMA Invest som den største (omlag 35 prosent etter kapitalinnhentinga som pågår no.
Investeringselskapet A.H. Holding i Vesterålen er neste største eigar, før Johan Oksholen selskap Noas Invest og Jon Ove Stokke. Stokke og Almenning bur i Måløy, Oksholen i Ålesund der han er styremedlem og medeigar i eksportselskapet Nor Seafoods.
Planen er å gjennomføre ytterlegare kapitalutviding for å finansiere andre og tredje byggesteg og gjerne retta mot investorar som også har industrikompetanse, seier Almenning.
Publisert: 06.09.2021 06:00
Sist oppdatert: 06.09.2021 01:15