Vil ikkje kalle offshorereiarlag for doedsbu
ULSTEINVIK: God tone mellom Island Offshore-sjef Tommy Walaunet, Nordea-analytikar Thina Saltvedt og konferansier Ole Rolfsrud (med ryggen til) på scena i Ulsteinvik torsdag.
Nytt

Vil ikkje kalle offshorereiarlag for «dødsbu»

Analytikar Thina Saltvedt meiner konkurransen om å selje «den siste olja» blir langt tøffare. Island Offshore-sjefen trur dei skal klare omstillinga.

Marius Rosbach
24.09.2020
Tidlegare oljeanalytikar – no bærekraftanalytikar i Nordea – Thina Saltvedt var torsdag på Ulsteinkonferansen «The New Normal».
Der deltok ho mellom anna i samtale med ein kjenning frå studietida - Island Offshore-sjef Tommy Walaunet.

– Omstillinga må gå raskare

Konferansier og NRK-profil Ole Rolfsrud spurte Saltvedt om ho meiner at reiarlag som Island Offshore er «dødsbu», i lys av nedgangen i olje- og gassindustrien.
– Nei, det er slik at vi framleis treng oljeindustrien i ein del år, men omstillinga må gå raskare enn den gjer i dag. Framleis kjem 30 prosent av energien i verda frå olje, og det er for mykje, svarte Saltvedt.
Samtidig påpeika ho at industri-Norge vil vere avhengig av å overføre kunnskapen i bedrifter som Island Offshore, til nye næringar.

Trur reiarlaget kan finne nye marknader

Også Island Offshore-sjef Tommy Walaunet er klar på at nøkkelen til framtida for reiarlaget, er å lukkast med å ta steget i meir «grøn» retning.
– Vi har mykje kostbart utstyr i dag, som kanskje ikkje skal vere ein del av framtida. Men vi skal uansett har med oss kompetansen, kunnskapen og den organisasjonen vi har, sa Walaunet.
Han har trua på at reiarlaget kan finne nye marknader, og påpeika at dei allereie var inne i fornybarmarknaden.

Thina Saltvedt:


Walaunet

:

Trur på langt tøffare konkurranse

Samtidig som Thina Saltvedt meiner utviklinga går for sakte – påpeiker ho at krava omgjevnadene setter til berekraft i næringslivet er raskt aukande. Det gjer seg også gjeldande i olje- og gassindustrien
– Arenaene vil sjå annleis ut, og etter kvart som forbruket av olje går ned, vil konkurransen bli tøffare for dei som skal tilby «den siste olja», sa ho.
I sitt innlegg litt seinare påpeika Saltvedt det nye praksisen med å rangere selskap etter korleis dei jobbar med berekraft. Dette skjer som oftast utan at kredittbyrå tek kontakt med selskapa sjølv, men ved at dei brukar informasjonen dei finn på heimesidene til bedriftene.
– Difor er det viktig å vere tydeleg på korleis dokke kommuniserer dette arbeidet til omverda, la ho til.

Trur på Nordvestlandet

Nordea-analytikaren trur likevel at næringslivet på Nordvestlandet har gode føresetnader til å klare seg gjennom den pågåande koronakrisa.
– Vi på austlandet kan lære mykje av den viljen til innovasjon og endring som dokke har her, sa ho.
Ho peika samtidig på at sterk avhengigheit til oljerelaterte verksemd, gjer at regionen har kraftigare oppturar- og nedturar, enn andre delar av landet.
– No har ein moglegheit til å satse breiare i ulike typar næringar, la ho til.

Meir frå konferansen:



Tore Ulstein:



Det er slik at vi framleis treng oljeindustrien i ein del år, men omstillinga må gå raskare enn den gjer i dag

Publisert: 24.09.2020 16:26

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:02