– Skulle gjerne unngått ei rettssak
Kystruten og Molde-firmaet NMI forsøkte å bli samde utanfor rettssalen. E-post frå reiarsjefen står sentralt i striden.
Denne veka går tvistesaka mellom Havila Kystruten Operations og Norwegian Marine Interior (NMI) føre seg i Møre og Romsdal tingrett i Ålesund.
Bakgrunnen for saka er at Molde-firmaet NMI krev over 15 millionar kroner frå Herøy-reiarlaget for arbeid på skipa Havila Capella og Havila Castor.
På første dag av rettssaka kom det fram at NMI ikkje kjem til å føre bevis for hoveddelen av kravet å ni millionar. Årsaka er at eit sentralt vitne ikkje kan møte grunn sjukdom. Dei oppretthald likevel kravet - for å ha moglegheita til å føre vitne i ei ankesak.
– Skulle gjerne unngått ei rettssak
I forkant av
rettssaka har det vore dialog om eit forlik for å unngå å hamne i
retten, men på dag to av rettssaka verkar det løpet kjørt.
Havila Kystruten-sjef Bent Martini, som var mellom dei som forklara seg i retten tysdag, fortel til NETT No at det ikkje har vore dialog om forlik sidan rettssaka starta måndag.
– NMI har føreslått eit forlik og vi har sagt at vi kan diskutere det, men vi meiner at vi har betalt det vi skulle betale. Så er det sjølvsagt slik at vi skulle gjerne unngått ei rettssak og alt det medfører av tidsbruk og kostnader til advokatar, legg Maritini til.
(saka held fram under)
Langset: – Opp til motparten
Leif Magne Langset som er styreleiar i Langset Group og styremedlem i Norwegian Marine Interior, viser til at Molde-selskapet allereie har lagt eit forslag om forlik på bordet.
– Vi har tilbudt eit forlik, så det er opp til motparten, seier Langset til NETT NO.
– Er dokke villige til å strekke dokke lengre for å oppnå forlik?
– Nei, er det kontante svaret.
E-post fra Maritini sentral i saka
Ein e-post frå Kystruten-sjef Bent Martini har fått ein sentral plass i striden om kva som er avtalt og ikkje, kring innreiingsarbeidet NMI utførte.
NMI meiner e-posten er eit skriftleg løfte om at Havila skulle gjere opp i det minste delar av arbeidet striden står om. I e-posten viser Maritini til arbeid som som skal gjerast medan skipet Havila Capella låg i Bergen.
«Vi gjør opp dette som avtalt direkte med dere og vi tar dialogen videre mot verftet», heiter det i e-posten.
Kystruten meiner at selskapet har fått betalt for arbeidet som blir omtala, medan Langset meiner forklaringa ikkje held vatn.
Les også
– Forsøkt å halde ein god dialog
Sjølv om selskapa er usamde om kva som er avtalt kring arbeidet på dei
to kystrutenskipa, er det ikkje noko isfront mellom partane.
Maritini omtalar prosessen kring arbeidet som ble utført på Havila Capella i Bergen som ein «ope og transparent», men kan ikkje sjå at det er reiarlaget som skal betale for dette fordi dei ikkje er part i kontrakten.
– Vi har forsøkt å halde ein god dialog både med NMI og verftet for å sikre at innreiingsarbeidet går bra. NMI er eit flott selskap og har hatt sine konflikter med verftet undervegs, og vi har forsøkt å bistå der, fortel Martini.
Les også
Publisert: 20.09.2022 16:09
Sist oppdatert: 21.09.2022 02:49