Steile frontar før rettssak
Per Sævik, Leif Magne Langset og Bent Martini i vitneboksen i strid om betaling for skipsinteriør.
Fem dager i retten er sett av til tvistesaka mellom Havila Kystruten Operations as i Herøy og Norwegian Marine Interior as i Molde.
Norwegian Marine Interior krev over 15 millionar kroner frå Havila Kystruten Operations for arbeid på passasjer- og godsruteskipa Havila Capella og Havila Castor.
Skipa blei bygd av Tersan-verftet i Tyrkia, men Norwegian Marine Interior meiner Havila Kystruten Operations hadde forplikta seg til å betale for arbeidet som ligg bak kravet.
Det er Havila Kystruten Operations usamd i og avviser kravet. Grunngjevinga er at avtaleparten til Norwegian Marine Interior var Tersan-verftet, ikkje Havila Kystruten Operations.
Fem dagar i retten
Kven som har rett skal Møre og Romsdal tingrett ta stilling til. Rettsaka startar mandag 19. september, i Ålesund.
Havila Kystruten-sjef Bent Martini og styremedlem Leif Magne Langset i Norwegian Marine Interior skal avgi partsforklaringar. Langset er også styreleiar i Langset Group, som har mange av dei same aksjonærane som Norwegian Marine Interior.
På vitnelista står mellom andre Sigrud Viseth, som var prosjektleiar for Norwegian Marine Interiors under store deler av byggeprosessen og styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten Operations. Det går fram av sluttinnlegga til partane.
Per Sævik skal forklare seg om den overordna kontraktsstrukturen og avtalane som er inngått mellom Havila Kystruten Operations i samband med levering av Havila Capella. Havila Kystruten Operations er eit datterselskap av børsnoterte Havila Kystruten, der Sævikfamiliens holdingselskap Havila Holding er største eigar.
Sende sine tilsette heim
I januar i år sende Norwegian Marine Interior sine tilsette heim frå Tersan-verftet i Tyrkia.
Grunngjevinga for å terminere kontrakten var At Norwegian Marine Interior meinte Tersan-verftet ikkje hadde gjort opp for seg for utført arbeid, noko Tersan avviste.
Norwegian Marine Interior og Tersan-verftet var også usamde om kven som hadde terminert kontrakten mellom dei.
I rettssaka neste veke er Norwegian Marine Interior representert av advokatfirmaet Grette, Havila Kystruten Operations av Wikborg Rein Advokatfirma.
Havila Holding er største aksjonær i Havila Kystruten. Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media as, som gir ut NETT NO
Publisert: 14.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 13.09.2022 20:29