Trygve slagsvold vedum jonas gahr støre valnatta 2021 foto stortinget 11
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre oppfordrer folk til å følgje med på bankrentene og byte bank viss dei betalar for mykje. Foto: Stortinget
Nytt

Vil ikkje ta grep mot rentefesten til bankane

SV meiner det går føre seg eit «bankran» av vanlege folk.

Marius Rosbach
18.08.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Gunnhild Hokholt Bjerve): SV meiner det går føre seg eit «bankran» av vanlege folk som slit med høge renter. Men regjeringa seier nei til å regulere hardare.

– Det viktige er at vi framleis har så mange i jobb at vi held folk i arbeid og at folk får tilgang på lån til forhåpentleg lågare renter. Eg håpar vi ser at prisstigninga no flatar ut og går ned, og at også rentene går ned, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

I partileiardebatten i Arendal torsdag vart bankane skulda av SV-leiar Kirsti Bergstø for å drive med eit «bankran» av folk med lån.

Overfor NTB tek ho til orde for hardare regulering og avviser ikkje at det kan bli eit tema i budsjettforhandlingane til hausten.

– Ein kan krevje at renter på innskot og bustadlån i alle fall skal følgje kvarandre. Det veit vi at det er reglar for i andre land. Det er mogleg å gjere også i Noreg, seier Bergstø til NTB.

Støre ber folk følgje med sjølv
Men Støre vil ikkje gripe inn på den måten. Han oppmodar folk til å følgje med på kva bankane gjer.

– Viss dei føler at ein bank set for høge renter, så må dei vurdere om det er eit betre alternativ, seier han.

– Bergstø kalla det eit bankran? Kva tenkjer du om det?

– Eg bruker ikkje dei orda, men målet er no å få prisstigninga og rentene ned.

Raudt: Bankane treng ikkje auke renter
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen hevda i debatten at bankane har hatt 13 milliardar kroner i overskot berre det siste året.

Etterpå medgir ho at det var feil. Det rette er at dei netto renteinntektene til bankane har auka endå meir – med 15 milliardar i første halvår samanlikna med første halvår i fjor, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Den totale rentenettoen til bankane var 62,4 milliardar kroner i første halvår.

– Den gode nyheita etter rentehevinga frå sentralbanken er at bankane ikkje treng å auke rentene. Dei har allereie lagt alt for tjukt på. Dei bør halde renta si ut til oss heilt i ro, sa ho.

Vedum tipsar om finansportal
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) oppmodar til liks med Støre folk til å nytte forbrukarmakta og byte bank dersom dei betaler for mykje.

Han tipsar om Finansportalen, som er styresmaktene sin eigen portal for å sjekke prisane på finanstenester.

– Vi går ikkje inn og styrer kvar enkelt bank. Dette er eit verktøy vi har laga, som gjer at kvar enkelt kunde kan få sjekka ut og pressa banken sin.

– Men tenkjer du at det kan vere nødvendig med meir regulering av bankane? Og sørgje for at dei ikkje set opp rentene for mykje?

– Vi har veldig streng regulering i Noreg. Vi er opptekne av å ha solide og ordentlege bankar, og også at det er veldig strengt når du skal få lån, seier Vedum.

Vil ha politisk styring
SV-leiar Kirsti Bergstø meiner at det ikkje er forbrukarane som skal ta hovudansvaret for å halde bankane i øyra.

– Det er eit politisk ansvar å sørgje for at bankane ikkje får ei skyhøg forteneste, seier ho.

– Kvifor kallar du det eit bankran?

– Viss du ser kor mange som slit med renter no, og med rekningar i dyrtida og på dei elleville fortenestene til bankane i den same situasjonen – då er det vanskeleg å kalle det noko anna enn eit bankran. Altså bankar som ranar vanlege folk, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2023 09:10

Sist oppdatert: 18.08.2023 09:10

Mer om