- Norge er i dag eit hestehovud framfor konkurrentane når det gjeld kvaliteten på Omega 3-produkt. No er det viktig å halde på dette forspranget ved å differensiere oss frå konkurrentane.
Det seier forskar Wenche Emblem Larssen i Møreforsking.
I dag går startskotet for eit toårig prosjekt med mål om å utvikle ein felles norsk sensorisk bransjestandard for marine oljar. Det vil mellom anna bety utvikling av ein garanti i forhold til lukt og smak.
- Det er næringa sjølv som har tatt initiativet til prosjektet. Det er gledeleg og viktig, spesielt ettersom land som Chile, Peru og Kina har starta produksjon og sal av eigne raffinerte produkt.
- Det er viktig at vi klarer å skilje oss frå 'røkla', seier Emblem Larssen.
- Norge er dominerande på marine oljar på verdsbasis, og Møre og Romsdal er igjen heilt i tet i Norge, seier Emblem Larssen.
Fiskeri- og havbruksforeningens forskingsfond - FHF - støttar prosjektet med 4,5 millionar kroner.
I tillegg til Møreforsking er også Nofima, Det tekniske universitet i Danmark og Universitetet i Firence med i prosjektet.
- Planteoljeindustrien har hatt dei same utfordringane som vi opplever for marin olje, så vi har mykje å lære frå den industrien, seier Emblem Larssen.
I første fase av prosjektet vert det fokus på fiskeolje, spesielt frå ansjos, sardin, laks og torskelever.
- Mellom anna ønskjer vi å gjere det på krillprodukt og raudåte.
Møreforsking vil ha prosjektleiaransvaret og vere kontaktpunkt mellom prosjektgruppe, styringsgruppe og oppdragsgivar.
Møreforsking vil mellom anna også ha ansvaret for å samle inn, lagre og analysere olje frå dei ulike aktørane og gjennomføre marknadskartlegging hos ein del utvalde kundar.
Marknadskartlegginga skal skje i samarbeid med Blue Legasea.
Det seier forskar Wenche Emblem Larssen i Møreforsking.
I dag går startskotet for eit toårig prosjekt med mål om å utvikle ein felles norsk sensorisk bransjestandard for marine oljar. Det vil mellom anna bety utvikling av ein garanti i forhold til lukt og smak.
- Det er næringa sjølv som har tatt initiativet til prosjektet. Det er gledeleg og viktig, spesielt ettersom land som Chile, Peru og Kina har starta produksjon og sal av eigne raffinerte produkt.
- Det er viktig at vi klarer å skilje oss frå 'røkla', seier Emblem Larssen.
Møre og Romsdal i tet
Ho skal leie det omfattande prosjektet der ni Omega 3-aktørar er med, og der heile seks av desse kjem frå Møre og Romsdal og er ein del av Blue Legasea-klynga.- Norge er dominerande på marine oljar på verdsbasis, og Møre og Romsdal er igjen heilt i tet i Norge, seier Emblem Larssen.
Fiskeri- og havbruksforeningens forskingsfond - FHF - støttar prosjektet med 4,5 millionar kroner.
I tillegg til Møreforsking er også Nofima, Det tekniske universitet i Danmark og Universitetet i Firence med i prosjektet.
Vil lære frå planteoljeindustrien
Nofima er leiande på sensorisk profilering i Norge, medan ein hentar dansk ekspertise rundt oksidasjon av marine oljar og italiensk ekspertise rundt erfaringar med utvikling av sensorisk analyse i olivenoljeindustrien.- Planteoljeindustrien har hatt dei same utfordringane som vi opplever for marin olje, så vi har mykje å lære frå den industrien, seier Emblem Larssen.
I første fase av prosjektet vert det fokus på fiskeolje, spesielt frå ansjos, sardin, laks og torskelever.
Ventar med krill og raudåte
Wenche Emblem Larssen håpar på at ein etter kvart kan gjennomføre liknande prosjekt på andre marine oljeprodukt.- Mellom anna ønskjer vi å gjere det på krillprodukt og raudåte.
Møreforsking vil ha prosjektleiaransvaret og vere kontaktpunkt mellom prosjektgruppe, styringsgruppe og oppdragsgivar.
Møreforsking vil mellom anna også ha ansvaret for å samle inn, lagre og analysere olje frå dei ulike aktørane og gjennomføre marknadskartlegging hos ein del utvalde kundar.
Marknadskartlegginga skal skje i samarbeid med Blue Legasea.
Det er viktig at vi klarer å skilje oss frå 'røkla'
Publisert: 20.04.2017 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08