Kring 60 ulike aktørar på Møre og Romsdal var måndag samla til jobbmesse og rekrutteringsarbeid i Oslo.
Bli med hit! heiter opplegget, som har vore arrangert i fleire år og er eit samarbeid mellom næringsforeiningane i fylket.
Henrik Friedl og Oda Kalstad Nyheim var mellom dei som hadde teke turen for å orientere seg om kva moglegheiter som finst i jobbmarknaden i Møre og Romsdal.
Paret jobbar i helse- og omsorgsyrke, og opplevde raskt at dei var ettertrakta mellom arbeidsgivarane på jobbmessa.
– Eg har ein plan om å lokka han med meg heim, fortel Nyheim til Nett No.

Ser fordelar ved å flytte heim
Ho kjem frå Sykkylven medan han kjem frå Austlandet. Etter at dei har fått sitt første barn, er det blitt meir aktuelt å flytte til Sunnmøre.
– Fordelen er nærleiken til familie, vennar og natur. Det er litt meir roleg og barnevennleg, seier ho.
– Også er det kanskje mogleg å få eit hus med ein hageflekk utan å vere nøydd til å ta opp stort lån, legg han til.

– Har lyst til å flytte heim
Håkon Korsnes og Louise Ellefsen var to av mange andre som hadde teke turen til sentrumshotellet i hovudstaden for å få vite meir om jobbmarknaden i Møre og Romsdal.
Han jobbar som app-utviklar, medan ho jobbar i butikk. No vurderer 26-åringane moglegheitene for å flytte heim om sjansen byr seg.
– Vi har lyst til å flytte heim etter kvart, seier Korsnes.
Allereie etter kort tid på jobbmessa hadde han funne ein arbeidsgivar med ein utviklarjobb som kan vere aktuell.

Omsorgsarbeidarar og ingeniørar etterspurt
Det var stor bredde mellom arbeidsgivarane som deltok på årets jobbmesse. Mellom aktørane var det mellom anna ein rekke kommunar med behov for fleire hender i helse- og omsorg.
Det stadfestar marknadskoordinator Per Atle Sjåstad i Nav til Nett No.
– Innan helse er det veldig stor etterspurnad. Også er ulike typar ingeniørar ettertrakta, seier han.
Dei nyaste tala frå Nav over ledige stillingar i Møre og Romsdal viser at det er klart flest ledige stillingar i pleie og omsorg. Deretter følgjer serviceyrke og undervisningsstillingar på dei neste plassane.
Publisert: 21.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 21.04.2026 07:53






