- Det er eigentleg heilt ‘crazy’. Vi har auka omsetninga med 20 % hittil i år, og ser ut til å gå mot hotellet sitt beste resultat nokon gong.
25-åringen overtok ansvaret for Sandane-hotellet i 2013 etter at faren brått døydde. No eig Moen hotellet saman med veslebroren Dag Håkon (21 år).
- Det har vore knallhard jobbing. Arbeidsdagen er gjerne frå klokka ni om morgonen til tolv på kvelden. Men det er verdt det når vi ser at vi lukkast.
Hotelldrift har det derimot vore frå 1866. Neste år kan Moen og staben på 22 personar dermed feire 150 årsjubileum.
- Dette skal vi mellom anna gjere ved ei storstilt oppussing.
I tillegg har Moen planane klare for å byggje på ti nye rom på nyefløya av hotellet.
- Vi ser litt an korleis det går før dette vert gjennomført. Mellom anna er det viktig at flyplassen på Anda overlever. I vekene er 10 % av belegget mannskap frå Widerøe-flya.
Gloppen Hotell hadde i 2014 inntekter på 22,8 millionar kroner, opp frå 20,6 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt vart 1,4 millionar kroner, opp frå 1,0 millionar kroner året før.
I 2015 ser omsetninga ut til å passere 24 millionar kroner, og resultatet før skatt kome til å ende på rundt 2,5 millionar.
- Her skal det vere ei unik oppleving med lokal mat og drikke. Vi satsar ikkje på dei store massene. Difor seier vi konsekvent nei til alle busslastar med cruiseturistar.
- Derimot er her laksefiskarar, turfolk, gourmet-interesserte og andre som er ute etter ei spesiell oppleving.
- Då eg overtok var gjelda på 33 millionar kroner. Eg overtok mellom anna ein renteswap må 7,5 % rente. Eg forstod ikkje kva det var, berre at det vart høge renteutgifter av det.
- Takka vere ein avtale med banken, er no rentene kraftig reduserte, samstundes som vi har redusert gjelda.
- Eg får nesten dårleg samvit for å ta ut desse pengane, for eg har lyst til å gjere så mykje på så kort tid.
- Dette er ein livsstil, og ein draum som har gått i oppfyllelse. Det skjedde berre litt for tidleg og litt for brått, seier 25-åringen som sjølv er utdanna både kokk og kelner.
Hotellet har også fått fleire prisar for sin satsing på lokale råvarer. Totalt får Moen varer frå 36 lokale produsentar. Varespekteret spenner over alt frå egg til kjøt, fisk og lokalt eplebrennevin.
25-åringen overtok ansvaret for Sandane-hotellet i 2013 etter at faren brått døydde. No eig Moen hotellet saman med veslebroren Dag Håkon (21 år).
- Det har vore knallhard jobbing. Arbeidsdagen er gjerne frå klokka ni om morgonen til tolv på kvelden. Men det er verdt det når vi ser at vi lukkast.
150 år
Sandane-hotellet har stolte tradisjonar heilt tilbake til 1829, då det på tomta var skyss-stasjon og billettkontor for amerikalinja.Hotelldrift har det derimot vore frå 1866. Neste år kan Moen og staben på 22 personar dermed feire 150 årsjubileum.
- Dette skal vi mellom anna gjere ved ei storstilt oppussing.
Vil bygge ti nye rom
I første omgang skal 27 av dei 59 roma pussast opp, både roma og bada.I tillegg har Moen planane klare for å byggje på ti nye rom på nyefløya av hotellet.
- Vi ser litt an korleis det går før dette vert gjennomført. Mellom anna er det viktig at flyplassen på Anda overlever. I vekene er 10 % av belegget mannskap frå Widerøe-flya.
Gloppen Hotell hadde i 2014 inntekter på 22,8 millionar kroner, opp frå 20,6 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt vart 1,4 millionar kroner, opp frå 1,0 millionar kroner året før.
I 2015 ser omsetninga ut til å passere 24 millionar kroner, og resultatet før skatt kome til å ende på rundt 2,5 millionar.
Nei til busslastar
Preben Moen meiner at mykje av suksessen skuldast dyktige og motiverte tilsette, i tillegg til at ein er tru mot konseptet.- Her skal det vere ei unik oppleving med lokal mat og drikke. Vi satsar ikkje på dei store massene. Difor seier vi konsekvent nei til alle busslastar med cruiseturistar.
- Derimot er her laksefiskarar, turfolk, gourmet-interesserte og andre som er ute etter ei spesiell oppleving.
Høge renter
I tillegg har Moen fått redusert renteutgiftene med 300.000 kroner årleg.- Då eg overtok var gjelda på 33 millionar kroner. Eg overtok mellom anna ein renteswap må 7,5 % rente. Eg forstod ikkje kva det var, berre at det vart høge renteutgifter av det.
- Takka vere ein avtale med banken, er no rentene kraftig reduserte, samstundes som vi har redusert gjelda.
- Ein livsstil
Sjølv tek ikkje Moen ut meir enn vel 400.000 kroner i løn.- Eg får nesten dårleg samvit for å ta ut desse pengane, for eg har lyst til å gjere så mykje på så kort tid.
- Dette er ein livsstil, og ein draum som har gått i oppfyllelse. Det skjedde berre litt for tidleg og litt for brått, seier 25-åringen som sjølv er utdanna både kokk og kelner.
Lokale råvarer
Han har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt med Gloppen Hotell, mellom anna prisen «Helt sjef», for å vere den beste unge norske sjefen under 30 år.Hotellet har også fått fleire prisar for sin satsing på lokale råvarer. Totalt får Moen varer frå 36 lokale produsentar. Varespekteret spenner over alt frå egg til kjøt, fisk og lokalt eplebrennevin.
Vi satsar ikkje på dei store massene. Difor seier vi konsekvent nei til alle busslastar med cruiseturistar.
Publisert: 26.09.2015 06:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47