Olympic Artemis  foto Olympic
ARBEID: Tidlegare Olympic Bibby har skifta namn til Olympic Artemis, og er no på arbeid på britisk side av Nordsjøen. Det Kleven-bygde skipet frå 2015 er 87,75 meter langt og 19 meter breidt.
Nytt

Vil reindyrke satsinga på fornybar og subsea

Stig Remøy er sikker på at satsinga innan subsea og fornybar energi er rett. Olympic Subsea har sagt nei til kontraktar i påvente av betre tider.

12.03.2020
Olympic Subsea såg dagens lys 7. februar i fjor etter restrukturering av Olympic Ship. Selskapet har elleve subseaskip/AHTS-ar.
I årsmeldinga for 2017 opplyser konsernsjef og hovudaksjonær Stig Remøy at ein i løpet av 2018 vil ta nye grep som vil gjere profilen som eit reindyrka subsea- og fornybarreiarlag endå klårare.
- Samstundes reknar vi med at vi vil få gevinst av å ha takka nei til lange kontraktar med låge ratar. Det gjev oss fridom til å handle raskt, til å vere der når kundane treng oss, og også til å kunne vekse om høvet byr seg.

139 millionar i minus

Olympic Subsea hadde i sitt første driftsår 582 millionar kroner i inntekter, og eit resultat før skatt på minus 139 millionar. Men no ser Remøy lysning.
- Etter meir enn 20 år som hovudeigar i Olympic veit eg at ikkje noko år er eit «normalår». Vi er i ein bransje der tilhøva svingar, der toppane er høge og dalane er djupe. Dei to siste åra har vore dei mest krevjande i norsk offshore si historie, men 2017 slutta med lys i horisonten, fastslår Remøy.
Selskapet hadde ved utgangen av fjoråret ei langsiktig gjeld på 4,1 milliardar kroner, og ein eigenkapital på 333 millionar kroner.

Fornybart vert viktigare

Remøy viser til at restruktureringsløysinga sikra økonomisk stabilitet, i tillegg til at ein tok viktige val om retning og strategi for framtida.
- Energi knytt til havrommet – «blue energy» - handlar om så mykje meir enn olje og gass; vind, bølgjer og anna fornybart vil bli enda viktigare energikjelder i framtida.
- Og meir av utviklinga kjem til å skje under havflata, skriv Remøy i årsrapporten.

Viktig å handle

Han viser også til at kundane sine behov også endrar seg.
- Vinnarane i vår bransje blir dei som ikkje berre ser og forstår dette, men som handlar på det.
- Vi er rusta for å nå fram i denne kampen, både når det gjeld ressursar og tankesett: Evna til nyskaping og endring går som ein raud tråd gjennom heile Olympic si historie, fastslår Remøy.
I tillegg til dei heileigde skipa, er Olympic Subsea morselskap Olympic Ship med fire PSV-ar og 3 ankerhandterarar.
Ved årsskiftet hadde konsernet åtte skip i opplag.
Samstundes reknar vi med at vi vil få gevinst av å ha takka nei til lange kontraktar med låge ratar

Publisert: 12.03.2020 21:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21