Edge
HYDROGEN: Ein dataillustrasjon av korleis Ulstein ser for seg dynamikken i sjøen for eit fossilfritt lasteskip med X-bow. Illustrasjon: Ulstein
Nytt

Styrkar samarbeidet om fossilfrie frakteskip

Saman med ABB og Ballard Power Systems går Ulstein og Edge Navigation vidare med planane om å utvikle frakteskip som går på brenselceller.

07.07.2021

- Frakteskipa står for tre prosent av dei globale klimagassutsleppa. Med dei fallande kostnadene innan fornybar energi og teknologi kan vi få utvikla nye, effektive design som vil legge forholda til rette for energiomstillinga i den maritime industrien.

Det seier adm. dir. Jakob Tolstrup-Møller i Oslo-baserte Edge Navigation i ei pressemelding.

I drift i 2025
Nyleg annonserte Edge Navgigation og Ulstein Design & Solutions at om alt går etter planen vil det første utsleppsfrie containerskipet vere i drift i 2025.

No har dei to partnarane inngått samarbeid med ABB for å utvikle løysinga basert på brenselceller frå Ballard Power Systems.

- I Edge Navigation har vi ein ambisjon om å få økonomiske, skalerbare containerskip med fossilfri framdrift ut i marknaden innan 2025. Med Ulstein si innovative tilnærming vil vi ha fleksibilitet på designsida til å kunne tilpasse fartøya til befraktarane sine ønske om drivstoff, seier Tolstrup-Møller.

Optimistar
Jostein Bogen, som er Global Product Line Manager for Electric Solutions i ABB Marine & Ports har stor tru på satsinga.

- Med den stadig aukande etterspurnaden etter løysingar for berekraftig og ansvarleg skipsfart, er vi sikre på at hydrogenbrenselsceller vil spele ei viktig rolle i å hjelpe den maritime industrien til å nå måla for CO2-reduksjon, seier han i pressemeldinga.

Direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions er glad for å få med så solide aktørar på laget.

- I denne fasen der vi skal utvikle konsept for dei framtidige, grøne X-bow containerskipa er det viktig å kunne samarbeide med framtidsretta aktørar, seier han.

Publisert: 07.07.2021 12:49

Sist oppdatert: 07.07.2021 18:58

Mer om