W E C Lines container ship and Thanet Wind Farm off Broadstairs Kent 2 1 jpgfoto Wikimedia Commons Acabashi
NULL UTSLEPP: Det nye containerskipet Ulstein Design & Solutions skal vere med og utvikle skal gå på utsleppsfritt drivstoff, til erstatning for dagens fartøy som går på diesel eller tungolje. Biletet viser containerskip ved Thanet Wind Farm i Storbritannia. Foto: Wikimedia Commons/Acabashi
Nytt

Utsleppsfritt skip under fem år unna

Går alt etter planene er det utsleppsfrie containerskipet frå Ulstein Design & Solutions og Edge Navigation i drift i 2025.

23.06.2021

- 2025 er det vi siktar mot, seier kommersiell direktør Lars Skoge i Ulstein Design & Solutions på spørsmål om når skipet kan vere klart til bruk.

Saman med selskapet Edge Navigation skal Ulstein Design & Solutions utvikle eit utsleppsfritt containerskip med Ulstein Group sitt kjente X-Bow-design, fortalde selskapa i ei felles pressemelding tysdag 22. juni.

Ulstein stiller først og fremst med skipsdesign og skipbyggingskompetansen, Edge Navigation med containerfrakt-kompetansen.

Førebels er korkje storleiken på fartøyet eller kva strekningar det skal trafikkere avgjort. Det er ting som skal vurderast i samanheng, før ei endleg avgjerd blir teken.

Men samarbeidspartnarane siktar ikkje mot skip som går til dømes mellom Asia og Europa i første omgang, men heller mot å bygge eit skip som kan frakte containarar mellom hamner i Europa.

- Vi fokuserer på det som vi meiner er realistisk å få til innanfor nemnde tidsperspektiv, seier Skoge.

Utsleppsfri drift
I staden for dieselmotorar skal containerskipet bruke ein energikjelde som ikkje gir utslepp av CO2. Kva er ikkje bestemt, men kan til dømes blir hydrogen, ammoniakk eller metanol, ifølgje Skoge.

Prosjektet skal basere seg på kjent teknologi og metodar, utviklinga består i å integrere utstyr og system på ein måte som saman med eit godt design gir effektiv drift.

Publisert: 23.06.2021 09:04

Sist oppdatert: 23.06.2021 09:05

Mer om