Ber om ny millionstøtte til Runde-senter
Meiner fylkespolitikarane skal gi driftsstøtte - men vil ha inn flere eigarar.
Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal får no ei sak på sitt bord om å støtte Runde Miljøsenter med seks millionar kroner i driftsstøtte over tre år.
Målet er å utvikle Runde som forskingsstasjon – med ein bærekraftig økonomi, ifølgje saksframlegget frå fylkeskommunedirektøren.
Fylkesutvalet skal ta stilling til saka torsdag, før den skal vidare til fylkestinget sitt møte i Fosnavåg 20.-20. juni.
Betydeleg offentleg støtte
Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik påpeiker i si utgreiing av
Runde Miljøsenter ikkje har klart å bygge opp økonomisk berekraft. Det
har skjedd til trass for betydeleg offentleg støtte.
Fylkeskommunen har løyvd meir enn 21 millionar kroner i form i direkte støtte – i tillegg til at senteret har fått midlar frå felle forskingsprosjekt med andre institutsjonar i fylket.
Miljøsenteret på Runde har i fleire år også fått statleg støtte. I år var den på drygt 5,4 millionar kroner.
I tråd med ei utgreiing som blei gjort i fjor, er det lagt ein ny plan for kva senteret på Runde skal vere.
Den meiner Guttelvik er så god at politikarane skal seie ja til ny støtte, men påpeiker at det er ein føresetnad å få inn nye eigarar.
Gjennom selskapet Runde Forsking skal konseptet som forskingsstasjon reindyrkast. Guttelvik ber også politikarane vurdere om fylkeskommunen skal gå inn på eigarsida, etter ei restrukturering av selskapet.
Har starta jakta på nye eigarar
Fylkeskommunedirektør viser til at det er lagt ein plan som inkluderer «betydelege ambisjonar om vekst i årsverk». Han peiker samtidig på at det er ei utfordring å rigge organisasjonen for å få realisere vekstplanane, og at ein treng langsiktige strategiske eigarar.
Det er allereie sett i gong ein prosess for å få ny fleire eigarar, og dei sju kommunane på søre Sunnmøre sagt dei vil vere med.
For at konseptet skal lukkast er det óg viktig at både privat og det offentlege nyttar Runde, og anten etablerer seg der fast, eller gjer avtaler om bruk av tenester, påpeiker Guttelvik i saksutgreiinga.
Publisert: 08.06.2022 15:41
Sist oppdatert: 08.06.2022 23:08