Lasteskip nødmelding innfelt nils roar hareide foto redningshelikopter hrs sør norge 111
UROA: Nils-Roar Hareide (innfelt) ved Runde Miljøsenter er uroa for konsekvensane etter at det nederlandske lasteskipet hamna i drift. Foto: Redningshelikopter/HRS Sør-Norge
Nytt

- Verst tenkelege tidspunkt for eit oljeutslepp

Eemslift Hendrika driv mot Stad. Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter fryktar større miljøkatastrofe enn Arisan-forliset.

06.04.2021

SISTE: Prøver å hindre at lasteskip søkk

- Akkurat no er det det verst tenkelege tidspunktet for eit oljeutslepp, seier Hareide.

Den daglege leiaren ved Runde Miljøsenter viser spesielt til at fleire titals tusen alkefuglar no har tilhald i fuglefjellet på Runde.

- Både lomvi, lunde og alke har ein stor aksjonsradius, og vil vere svært utsette for eit oljeutslepp, sjølv om det ikkje skjer heilt inne i fjøresteinane.

Kritisk for både fugl og fisk
Hareide er også uroleg for fiskelarvane.

- Vi er midt inne i gytesesongen for torsk, og sildelarvane vert no normalt klekte. April er tida på året då både fugl og fisk er mest utsette for oljeutslepp.

Om bord i det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika er det 353 kubikkmeter råolje, 75 kubikkmeter diesel og litt smøreolje.

Til samanlikning var det 420 kubikkmeter tungolje og 70 kubikkmeter diesel om bord i malmskipet Arisan som gjekk på Geitmaren ved Runde og havarerte i januar 1992.

Då vart det slått stor alarm, og olje dreiv i land over eit stort område, men det vart likevel ikkje den naturkatastrofen som mange frykta.

Sjå video frå redningsaksjonen


- Verre situasjon no
Nils-Roar Hareide seier at Arisan-forliset skjedde på eit svært gunstig tidspunkt.

- Dette var før alkefuglane kom til Runde. Det var også før silda kom, og torskegytinga hadde heller ikkje kome i gang.

- Vi er i ein langt verre situasjon no, om vi skulle få eit utslepp, seier Hareide.

Om båten forliser ved Stad, vil havstraumane føre oljen mot Runde, og då snakkar vi fort om ein miljømessig katastrofe
Nils-Roar Hareide

- Ikkje noko å vente med
Han ber Kystverket, kommunar og andre setje i verk sine beredskapsplanar.

- Dette er det ikkje noko å vente med, slik situasjonen no ser ut.

Det nederlandske lasteskipet er forlatt og utan motorkraft. Shølv om havstraumane går nordover langs kysten, er vinden så sterk frå nordvestleg retning at skipet siste timane har drive sydaust, og har no kurs mot Stad.

- Om båten forliser ved Stad, vil havstraumane føre oljen mot Runde, og då snakkar vi fort om ein miljømessig katastrofe, seier Hareide.

Han håper at det vert muleg å få skipet trygt i hamn.

- Men akkurat ser det veldig utfordrande ut.

Driv mot Stad
Hovudredningssentralen seier til NTB tidleg tysdag morgon at skipet framleis held seg flytande, og det ikkje er fare for at skipet skal drive i land med det første.

Kystverket har sendt kystvaktskipet Sortland ut for å overvake havaristen. Kystvakta er venta å vere framme ved Eemslift Hendrika i løpet av ettermiddagen tysdag.

Lasteskip eemslift hendrika ais skjermdump marinetraffic com 11
KURS MOT STAD: Skjermdump frå Marinetraffic.com viser korleis lasteskipet tysdag ettermiddag dreiv inn mot kysten. Skjermdump: Marinetraffic.com


Lasteskipet sende måndag formiddag ut nødsignal etter at lasta forskauv seg og skipet fekk slagside.

Heile mannskapet om bord i det nederlandske lasteskipet er berga i land, og skipet var natt til tysdag i drift etter at det mista motorkrafta.

Skipet driv sørover med ein fart på 2–3 knop og hadde ved midnatt ei slagside på 45 til 50 grader.

Siste timane har skipet drive i søraustleg retning mot Stad, sjølv om havstraumane går nordover langs kysten.

Fartøyet var lasta med servicebåtar som skulle til Trøndelag, ifølgje Adresseavisen.

Sjekk oppdatert AIS-sporing på lasteskipet (ekstern lenke)

Publisert: 06.04.2021 10:11

Sist oppdatert: 15.04.2021 10:43

Mer om