Frp-leiar Sylvi Listhaug har fått svar frå forsvarsminister Bjørn Arild Gram om kva regjeringa vil gjere for å sikre at NTNU i Ålesund raskt kan utdanne fleire sjøfolk, men er ikkje nøgd med svaret.
Listhaug skriv i ein e-post til Nett No har ho dessverre ikkje har fått svar på det ho spør om når det gjeld finansiering.
«Det siste vi trenger nå er at det krangles om hvem som skal betale slik at fremdriften stopper opp. Jeg mener det må skjæres gjennom politisk, og at Gram tar ansvar for at tilbudet kan komme på plass så fort som mulig. Vi trenger flere sjøfolk fremover til å dekke behovet både til forsvaret og sivil sjøfart. Når flere offentlige aktører skal inn i en sak ender det altfor ofte med ansvarsfraskrivelse og manglende evne til å ta beslutninger. I den sikkerhetspolitiske situasjonen vi har nå har vi ikke tid til det.», skriv Listhaug.
I dialog
Ifølgje svaret frå Gram er han i dialog med ei rekke aktørar, mellom dei NTNU Ålesund, for å sikre at Forsvaret får tilgang til dei sjøfolka forsvaret treng framover, men han er ikkje konkret på omfang og tidspunkt for finansiering.
«Konkrete samarbeid om enkeltutdanninger til sivil og militær sektor gjøres i løpende dialog mellom forsvarssektoren, kunnskapssektoren, næringslivet og andre interessenter. Spørsmålet om finansiering er en del av denne dialogen», heiter det i svaret frå forsvarsministeren.
Ålesund-samarbeid
Saman med Fagskolen og vidaregåande skular i Ålesund står NTNU Ålesund bak eit intitiativ for raskt å kunne auke utdanningskapasiteten av norske sjøfolk, både til forsvaret og sivile reiarlag.
Listhaug vil har finansieringa på plass kjapt, og om ikkje det skjer blir det ei oppgåve for ei eventuell ny regjering etter Stortingsvalet i september i år, skriv ho til Nett No.
Doble talet på studentar
Bakgrunnen for Listhaug sitt spørsmål til forsvarsministeren er behovet for 1300 fleire sjøfolk til forsvaret fram til 2036, som regjeringa har anslått i langstidsmeldinga for forsvaret. I tillegg kjem tryggleiksrisikoen ved å ha spesielt russiske sjøfolk som mannskap på norske skip, og behovet for å erstatte sjøfolk som går av med pensjon.
Nautikk-studiet ved NTNU i Ålesund tek inn 50 søkjarar om året, men hadde 200 kvalifiserte søkjarar og har kapasitet til å doble talket på utdanna med fem millionar kroner ekstra finansiering, ifølgje instituttleiar Hans Petter Hildre ved institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk.
Då NTNU og dei andre samarbeidspartnarane for auka utdanning av sjøfolk i Ålesund presenterte sine mål og planar i november 2025 peikar både Hildre og viserektor Anne Lise Sagen Major på Forsvaret som den viktige faktoren for å drive fram ei auka danning av sjøfolk, både over forsvarsbudsjettet og ved å få gjennomslag hos andre styresmakter.
Publisert: 27.01.2025 13:51
Sist oppdatert: 27.01.2025 23:19