Erlend Hagen Naval Consult Nordhavet i bakgrunnen
NY START: Erlend Hagen var sjef og medeigar i Naval Consult og står i spissen for eit nytt selskap.
Nytt

Vil starte nytt skipsdesignselskap

Erlend Hagen arbeider for å starte på nytt etter konkursen i Naval Consult.

20.09.2022

- Det vil bli etablert ny verksemd, seier Erlend Hagen, tidlegare dagleg leiar i skipsdesignselskapet Naval Consult i Raudeberg i Kinn kommune.

Skipsdesignselskapet argumenterte tidlegare i haust forgjeves i tingretten for at konkurskravet frå skatteetaten skulle avvisast, og viste til at det var stor sjanse for komande inntekter.

Hagen seier til NETT NO at storleiken på kravet ikkje sto i stil med konsekvensen av ein konkurs. Naval Consult skulda 578.557 kroner i meirverdiavgift.

Fem tilsette

Etter at konkursen var eit faktum har han arbeidd for å etablere nye verksemd. Det er førebels ikkje endleg vedteke kva som blir med på eigarsida. Hagen var største aksjonær i Naval Consult og skal vere medeigar også i det komande selskapet.

- Vi vil vere spissa mot design av fiskefartøy, noko Naval Consult har vore anerkjent for, seier Hagen til NETT NO.

Naval Consult hadde fem tilsette, ifølgje selskapet si side på Linkedin. Driftsinntektene i 2020 var 6,2 millionar kroner og selskapet hadde eit resultat før skatt på 0, 46 millionar kroner.

Minstemann
Naval Consult var minstemann blant skipsdesignselskapa, som i fjor hadde tilsaman 1,5 milliardar kroner i driftsinntekter og sat att med eit resultat før skatt på 240 millionar kroner.

I gamle Vågsøy kommune er der to skipsdesignselskap i tillegg til selskapet Hagen er i ferd med å etablere, Skipskompetanse og Seacon.

Publisert: 20.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.09.2022 01:07

Mer om