Vil ta ein stoerre bit av helsemarknaden
NORDVESTKLINIKK: Frå v: Mimmi Kvalsund Ulstein, dagleg leiar, Håvard Ramsli, lege, Torstein Bjørndal, lege og Ole Theodor Hovden, styreleiar. Neste veke opnar dei ny klinikk på Stålhaugen i Ulsteinvik.
Nytt

Vil ta ein større bit av helsemarknaden

Nordvestklinikk opnar i Ulsteinvik. Nordvest Naprapatklinikk er ein av gründarane. - Det er vekst i marknaden, seier Ole Theodor Hovden. 

Kristin Vidhammer
25.04.2017
Nordvestklinikk er ein nyetablert privatklinikk som tilbyr mellom anna legeattestar for folk som har sjøen som arbeidsplass, helsekontrollar for bedrifter, vaksiner og i tillegg andre legetenester.
- Vi ønskjer å tilby gode og fleksible løysingar for bedrifter og privatpersonar på Sunnmøre, seier dagleg leiar Mimmi Ulstein, i ei pressemelding.
Ho har lang erfaring innan bedriftshelseteneste.
Nordvestklinikk er etablert gjennom eit samarbeid mellom dagleg leiar Mimmi Ulstein, dei to legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal og Nordvest Naprapatklinikk AS.
- Samarbeidet med naprapatane vil styrke det nye selskapet ved at ein kan tilby tenester innan ergonomi og førebyggjande behandling. Dermed kan vi gje eit meir komplett tilbod til kundane våre, seier Mimmi Ulstein.

Etterspurnad

Styreleiar i Nordvestklinikk as og gründer og dagleg leiar i Nordvest Naprapatklinikkk, Ole Theodor Hovden, trur det vil vere god etterspurnad etter tenestene dei no tilbyr.
- Dette er eit godt tilbod til både private og bedrifter. Når det gjeld offshore, må sjøfolk halde attestane i orden enten dei er i jobb eller ikkje, slik at det er ein stor marknad her. Vi ser fram til å samarbeide med to svært dyktige legar som er erfarne og anerkjente, blant anna frå Medi 3 og Stamina. Difor trur vi at det er mange pasientar som ønsker deira tenester. Å få raskt time og å ha lokale legar som er godt etablerte i lokalmiljøet, trur vi også mange set pris på, seier han.

Erfarne legar

Håvard Ramsli har lang erfaring som bedriftslege og innan allmennmedisin. Han har autorisasjon som sjømannslege, petroleumslege og dykkarlege. Torstein Bjørndal har erfaring både som bedriftslege og fastlege. Han har kompetanse til å skrive ut både sjømanns- og offshoreattestar. Begge skal halde fram med å jobbe som fastlegar, og dei kombinerer dette med arbeid ved den nye klinikken.
Nordvestklinikk er eigd med 25 prosent kvar av Ulstein, Ramsli, Bjørndal og Nordvest Naprapatklinikk as.

Vil gjerne utvide med eit endå breiare tilbod

Foreløpig har dei ikkje nokre planer om å ekspandere geografisk. Imidlertid vil dei gjerne tilby eit endå breiare og meir komplett tilbod på klinikken i Ulsteinvik etterkvart.
- Vi ønskjer å utvide tilbodet yttarleg gjennom å etablere samarbeid med eit par tilbydarar av helsetenester til og slik at vi kan gje eit endå breiare og meir komplett tilbod her på klinikken. Vi ønsker, og meiner det er viktig, med meir tverrfagleg samarbeid innan helse. No har vi legetenester, førebyggande og ergonomi, og vi sonderer breitt etter aktørar som kan komplettere oss, sier Hovden.
Ifølgje Hovden, vil Nordvestklinikk ikkje vere ein fullverdig leverandør av lovpålagte bedriftshelsetenester slik som Medi 3 er. Difor går dei berre etter delar av marknaden som Medi 3 er i.

Veksande etterspurnad også etter naprapatar

Hovden etablerte Nordvest Naprapatklinikk i 2003 i Ålesund og har no blitt ein av dei større aktørane innan avansert manuell medisin på Nordvestlandet. Hovden driv i samarbeid med fleire i dag åtte naprapatklinikkar mellom Ålesund og Bergen - fem på Sunnmøre, ein i Nordfjord og to i Bergen.
I fjor anslår Hovden at dei seks klinikkane i nordvest hadde ei samla omsetning på i overkant av fire millionar kroner.
Det er vekst i denne marknaden, og i fjor tilsette dei tre nye naprapater i nordvest - noko som er ei dobling i antalet.
- Vi har hatt god vekst sidan vi etablerte oss, men å tilsette tre nye naprapatar i fjor, er spenstig. Det tar tid å innarbeide seg og få opp omsetninga, men vi reknar med å sjå vekst i omsetninga i inneverande år som ein konsekvens av satsinga, seier Hovden.

Samlokaliserer i Ulsteinvik

Naprapatklinikken i Ulsteinvik, som vart etablert i 2007, vert no å finne i lokala til Nordvestklinikk.
- Vi har dermed tatt Naprapatklinikken eit steg vidare. Vi flytter klinikken over gata slik at dei no vert samlokalisert, seier Hovden.
Vi meiner det er viktig med meir tverrfagleg samarbeid innan helse

Publisert: 25.04.2017 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08