Torill Standal Eliassen Kristianne Havnevik foto Marius
BRUKAR SUNNMØRE: Conta-sjef Torill Standal Eliassen (t.v.) og marknadssjef Kristianne M. Havnevik med eitt av bodskapa selskapet har tenkt til å bruke i marknadsføringa framover. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil vekse ved å spele på sunnmøringen

Conta har mål om milliardomsetning. Og det er ingen ulempe å vere på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
12.05.2026

Ålesund-selskapet Conta har sett seg ambisiøse mål når dei satsar på proffmarknaden med ei ny løysing til å handtere økonomien i bedrifter.

Nyleg kom rekneskapen for 2025, som viser at selskapet omsette for nær 150 millionar kroner i fjor. 

– Vi skal sjølvsagt ikkje stoppe der. Vi har tenkt til å bli ein einhjørning – eit milliardselskap. Sjølv om det ikkje skjer i år eller neste år, så er det vårt tydelege mål, seier Conta-sjef Torill Standal Eliassen til Nett No. 

Conta Torill Standal Eliassen Geir Ove Leite Karianne Oldernes Tung jan tore holen foto Marius
STATSRÅDBESØK: Conta hadde førre veke besøk av Ap-statsråd Karianne Oldernes Tung som var imponert over ambisjonane. Frå venstre: Conta-sjef Torill Standal Eliassen, Geir Ove Leite frå Ålesund Ap, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung og Conta-gründer Jan-Tore Holen. Foto: Marius Rosbach

Lanserer nytt system for proffar
Ei utfordring for Conta er at dei framleis er mest kjent for å levere eit gratis fakturaprogram. Det gjer dei framleis, men også mykje anna. 

Selskapet som nyleg passerte 300.000 brukarar leverer komplette plattformar for rekneskap og økonomi. I løpet av året lanserer dei også Conta Pro – eit nytt rekneskapssystem laga for profesjonelle brukarar.

– Seniorar i bransjen som har prøvd systemet, meiner det er revolusjonerande når det gjeld funksjonalitet, fortel marknadssjef Kristianne M. Havnevik. 

Spelar på mytane om sunnmøringen
Det nye systemet skal gjere arbeidet for rekneskapsførarar meir effektiv, mellom anna ved hjelp av kunstig intelligens.

Når selskapet lanserer det nye produktet, skal dei gjere det med stor merksemd om kvar dei kjem frå. 

«Regnskapet blir bedre med hjelp fra en sunnmøring», er bodskapen på ein av plakatane. 

– Sunnmøringane er kjent for at vi tek vare på pengane våre, samtidig som regionen har ein eigen energi og «drive». Og Conta er bygd på den sunnmørske mentaliteten, legg Havnevik til. 

Sunnmøringane er kjent for at vi tek vare på pengane våre
Kristianne M. Havnevik

Enklare å rekruttere til Ålesund
Det er ikkje berre i marknadsføringa selskapet rettar meir merksemd mot regionen og Ålesund. 

Nett No fortalde nyleg at selskapet avviklar sine avdelingar i Oslo, Stavanger og Trondheim – og samlar alle tilsette i Ålesund. 

I tillegg til at det er fordelar ved å ha alle under same tak, er det blitt enklare å rekruttere nye tilsette her i regionen. 

Då selskapet i si tid opna kontor andre plassar, var det fordi det var ei utfordring å sikre seg nye tilsette i Ålesund.

– Det er framleis kamp om dei beste folka, men det er blitt lettare og vi har alltid klart å få tak på dei vi ønsker oss, seier Conta-gründer Jan-Tore Holen.

Publisert: 12.05.2026 05:00

Sist oppdatert: 12.05.2026 11:45

Mer om