Torill Standal Eliassen Foto Kristin Stoylen
Torill Standal Eliassen kom inn som ny toppsjef i rekneskapssuksessen Conta i fjor. No legg dei ned avdelingar fleire plassar i landet og samlar seg i Ålesund. Foto: Kristin Støylen
Nytt

«Samlar troppane» i Ålesund etter nytt vekstår

Conta med svakare lønnsemd etter oppbemanning.

Marius Rosbach
28.04.2026

Den ferske 2025-rekneskapen til Conta viser at selskapet held fram å vekse kraftig. Omsetninga enda på 137 millionar – opp frå 129 millionar året før. 

Samtidig gjekk lønnsemda ned samanlikna med 2024, som vel å merke var eit rekordår. Resultat før skatt enda på 28 millionar, som gir ein resultatmargin på 20 prosent (sjå tabell under).

Conta AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt137,2129
Driftsresultat25,333,9
Resultat før skatt28,837,2

Auke i staben drog ned lønnsemda
Reduksjonen i overskotet stammar i hovudsak frå auke i bemanninga, skriv styret i årsmeldinga. Nett No omtala ein rekke nytilsettingar i selskapet i løpet av fjoråret.

I 2025 sysselsette selskapet 65 årsverk.

Styret skriv at dei ventar resultatet av nysatsinga vil vise igjen hausten 2026 og forsterke seg framover. 

Vidare ventar styret vidare vekst i 2026, med utrulling av ny programvare til hausten. Det er også lagt inn prisauker som vil styrke likviditeten. 

Avviklar i Oslo, Stavanger og Trondheim
I årsmeldinga kjem det fram at selskapet jobbar med å samle verksemda i Ålesund. 

Conta har i dag hovudkontor i sunnmørsbyen, og filialer i Oslo, Stavanger og Trondheim. I vinter blei det teke ei avgjerd om å avvikle filialene og samle alle i Ålesund. 

«Vi har en klar hypotese om at organisasjonen vil oppnå økt operasjoneell effektivitet og styrket konkurransekraft ved å samle kompetansemiljøet på Sunnmøre», heiter det i årsmeldinga. 

Samtidig som de vil opprettholde et fleksibelt forhold til hjemmekontor, vil det legges stor vekt på regelmessige sosiale aktiviteter og samlinger. 

Solid økonomi
Ved utgangen av 2025 hadde Conta-selskapet ein eigenkapital på nær 41 millionar, etter å ha sett av kring 18,6 millionar i konsernbidrag. Selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld.  

Konsernselskapet Conta Group har ikkje kome med sitt rekneskap enno. 

Torill Standal Eliassen tok i fjor over sjefsstolen i Conta, etter gründer og mangeårig toppleiar, Jan-Tore Holen. Han vil ta ein meir aktiv rolle som investor gjennom investeringsselskapet Pilea.

Publisert: 28.04.2026 14:36

Sist oppdatert: 28.04.2026 14:36

Mer om